Hopp til innhold

Molde ferdige i eliteserien

Molde HK Elite måtte vinne dagens kvalifiseringskamp mot Gjerpen med 8 mål for å berge plassen i eliteserien. Det var lenge spaning i kampen, men når kampen enda uavgjort, 29-29, blei dette ein trist dag for Moldejentene.

Trist stemning etter tap i skjebnekamp
Foto: Roar Strøm / NRK

Molde HK, som rykka opp i eliteserien før denne sesongen, har slite med å finne forma i toppserien. Etter tap og korsbandskade på stjernespelaren Anniken Obaidli vart det ei stor oppgåve å ta igjen dei 7 måla som Gjerpen vann førre kvalifiseringskamp med.

Hadde trua

Det var ein jamn og spanande kamp, men sju mål er mykje å ta igjen. Etter tapet er det no ei trist stemning i laget.

– Eg hadde trua og ville så gjerne, men Gjerpen var skjerpa og ville ikkje sleppe oss. All honnør til dei, seier Julie Andenæs som er ein av fleire spelarar som ikkje blir med Molde ned i første divisjon.

Trenarjakt

Leif Gautestad, tok over som trenar for MHK Elite for Dusan Poloz i februar. Men det var ei kortvarig løysing. Han skal no trene Ålgårds damelag i 2. divisjon. Og dermed må Molde ut på trenarjakt. Styreleiar, Per Gjerde fortel at dei har fleire kandidatar.

– Vi har snakka med fleire og reknar med å ha på plass ein ny trenar i løpet av eit par veker.

Gjerde har og trua på at dei skal få hanka inn motiverte og gode spelarar når fleire av dagens spelarar gir seg etter sesongen.

– Vi har jobba inn imot fleire spelarar som kan spele både i første divisjon og elite og vi har stor tru på å få på plass eit lag som kan kjempe seg opp igjen, seier ein skuffa, men fatta styreleiar.