Hopp til innhold

Tillitsvald om Ekornes-kutt: – Det kom som ei bombe

Økonomiske nedgangstider gjer at Noregs største møbelkonsern må kutte opptil 190 årsverk. – Det blei eit sjokk for mange, seier hovudtillitsvald.

Edvard Lie, hovudtillitsvald ved Ekornes

SJOKK: – Det blei eit sjokk for mange, og det er veldig trist, seier hovudtillitsvald Edvard Lie i Ekornes.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Mindre etterspurnad etter møblar er hovudårsaka til at Ekornes må gjere drastiske kutt. Noregs største møbelkonsern held til i Sykkylven på Sunnmøre og opp mot 190 årsverk i produksjonen og administrasjonen blir no kutta.

– Alle visste at noko måtte skje fordi salet har gått ned, men at talet blei så høgt kom som ei stor overrasking for alle, seier hovudtillitsvald ved Ekornes, Edvard Lie.

– Trasig for mange

Dei tillitsvalde blei informert av leiinga i onsdag morgon. Heile føremiddagen har gått med til møter om situasjonen.

– Det blei eit sjokk for mange, og det er veldig trist. Det kom som ei bombe at så mange kan miste jobben, seier Lie.

Han fortel at dei som blir ramma av kutta blir informert i løpet av januar, og dei som mistar jobben gjer det før første mars.

Må tilpasse produksjonen

Konstituert konsernsjef Fredrik Ødegård Nilsen seier det er ein ekstremt trist situasjon å vere i.

– Dette ein trist beskjed å få. Det vi er veldig opptatt av no er å ta vare på dei tilsette på ein best mogleg måte. Det gjer vi ved å gi så mykje informasjon så tidleg som mogleg om den situasjonen vi står i.

Konstituert konsernsjef i Ekornes Fredrik Ødegård Nilsen

TRIST BESKJED: Vi er veldig opptatt av å ta vare på dei tilsette seier konstituert konsernsjef Fredrik Ødegård Nilsen i Ekornes.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Kunne ein ha gjort denne nedtrappinga på ein annan måte enn at folk mistar jobben?

– Nei, det vi gjer no er å tilpasse produksjonen etter marknadsforholda. Vi gjorde ei nedtrapping i september og vi innførte 4-dagars veke fram til jul i eit håp om at salet skulle betre seg. Vi trudde vi skulle gå ut av 2022 med ein større ordrereserve. Dessverre har ikkje salet tatt seg opp. Då har vi ingen annan utveg enn å justere ned kapasiteten, seier han.

Ekornes har hovudkontor i Sykkylven på Sunnmøre. Det var E24 som først omtalte nedbemanninga.

– Blir krevjande

Ordførar i Sykkylven, Odd Jostein Drotninghaug (Sp) seier til NRK at situasjonen blir krevjande. Dette er ikkje første gangen den siste tida at hjørnesteinsbedrifta i kommunen må seie opp tilsette.

Ordfører i Sykkylven, Odd Jostein Drotninghaug

BLIR KREVJANDE: Ordførar Odd Jostein Drotninghaug i Sykkylven (Sp) legg ikkje skjul på at situasjonen blir krevjande

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Det er klart at her er det mange som blir råka av situasjonen og nedbemanninga som no er varsla. Klart det er krevjande for Sykkylven at vi er så mange blir utsett for dette her.

Drotninghaug seier han var budd på at det kunne kome ein situasjon som dette.

– Eg har fått signal om at det har vore ei krevjande tid for møbelbedriftene generelt i området her. At Ekornes har hatt det tøft det visste vi og var budde på at det kunne kome oppseiingar.

Kuttar også i utlandet

Ekornes har åtte fabrikkar rundt om i verda. Fem i Noreg, ein i USA, ein i Thailand og ein i Litauen.

I Asia vil Ekornes samle produksjonen i Thailand og avvikle aktivitetane i Vietnam. I tillegg vil produksjonskapasiteten blir redusert gjennom nedbemanningar av til saman rundt 700 årsverk.

Ekornes hovudkontor Sykkylven

Hovudkontoret til Ekornes ligg i Sykkylven

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK