Najat Bougrine har to barn som går på Aspøy skole i Ålesund. Begge ønskjer undervisning i morsmålet sitt som er arabisk. Men kommunen har ingen arabisk lærar, og barna blir i staden tilbodne ein assistent.
Arabiske skriftteikn (illustasjon)
– Liten vits
Det held ikkje, seier Bougrine. Den eldste sonen hennar hadde morsmålsundervisning av ein ufaglært i tre år. Det var det liten vits i, seier ho.
– Han fekk ikkje den undervisninga han skulle. Han lærte nesten ingen ting.
– Vanskeleg
Å bruke ufaglært arbeidskraft på dette området er sjølvsagt ikkje ønskjeleg, men det er vanskeleg å skaffe lærarar, seier personalansvarleg for morsmålslærarane i Ålesund, Tor Løvland.
Han vedgår at ordninga fungerer dårleg, og seier at kommunen no vil prøve å samle denne undervisninga ved færre eller berre ein skule slik at lærarane slepp å reise rundt. Det meiner han kan gjere lærarjobbane meir attraktive.
Bjørn Ivar Rødal hos rådmannen i Ålesund seier dette er ein god ide som vi bli sett i verk. Han håper å kunne vise til synlege resultat i løpet av dei neste to åra.