Hopp til innhold

– Viktig å forstå at fred og fridom ikkje er ein sjølvsagt ting

– Vi tenkte på jobben, ikkje på at det var farleg, seier Joachim Rønneberg, den siste gjenlevande etter Tungtvassaksjonen under andre verdskrig.

Joachim Rønneberg frå Ålesund er den einaste attlevande etter tungvassaksjonen på Vemork i 1943. Sjå intervjuet med han kvelden før 70-årsmarkeringa.

Joachim Rønneberg er den siste gjenlevande etter Tungtvassaksjonen i februar 1943. Denne veka blir aksjonen markert, 70 år etter.

70 år har gått sidan gruppa frå Kompani Linge, leia av Joachim Rønneberg, sprengte Norsk Hydro sin fabrikk på Vemork ved Rjukan.

Fabrikken produserte tungtvatn, brukt i atomforsking og til produksjon av atomvåpen.

Tungtvassaksjonen hindra langt på veg at Nazi-Tyskland fekk laga atomvåpen under andre verdskrig.

Vanskeleg å stoppe tida

Denne veka blir sabotasjeaksjonen markert, både gjennom eit tidsriktig angrep mot Vemork og fleire markeringar.

Heidersgjest er 93 år gamle Joachim Rønneberg, den siste gjenlevande etter aksjonen.

– Det er nesten utruleg at det er 70 år sidan, men tida går. Det er vanskeleg å stoppe den, seier Rønneberg til NRK.

Han minnest aksjonen i 1943, natta mellom 27. og 28. februar.

– Vi hadde ikkje heilt fullmåne, men vi hadde brukbart lys. Og vi hadde ingen problem med å ta oss fram i terrenget då vi skulle ned fjellsidene og opp på andre sida, fortel krigsveteranen.

Saka held fram under bildet.

Noen av tungtvanns-sabotørene fra Kompani Linge i 1990

Her er nokre av Tungtvassabotørane frå Kompani Linge samla i 1990, tilbake på Vemork. Bak f.v.: Knut Lier Hansen, Arne Kjelstrup, Rolf Sørlie og Hans Storhaug. Framme f.v.: Joachim Rønneberg, Fredrik Kayser, Birger Strømsheim og Claus Helberg.

Foto: Berg, Bjørn / SCANPIX

– Ein frigjeringskamp

Gruppa frå Kompani Linge oppheldt seg på Hardangervidda denne mykje omtalte februarnatta.

Vakthaldet på og rundt Vemork-fabrikken var svært godt, men sabotørane tok seg inn og planta sprengstoffet. Vegen dit gjekk over farlege elvejuv og ned isete fjellsider.

Joachim Rønneberg i 1990

Joachim Rønneberg, her avbilda i 1990, leia gruppa frå Kompani Linge under Tungtvassaksjonen i 1943.

Foto: Berg, Bjørn / SCANPIX

– Hugsar du kva du følte då du såg ned juvet og visste kva du skulle gjere?

– Vel, vi såg på dette som ein jobb. Alle hadde innstillinga at jobben skulle gjerast, fortel Joachim Rønneberg.

– Var du nervøs?

– Nei, eigentleg ikkje. Det kom nok av at vi hadde tenkt gjennom dette med å delta i ein frigjeringskamp. Vi hadde funne ut at vi ville vere med på det.

Tenkte ikkje på at det var farleg

For Rønneberg sjølv, født 30. august 1919, blei ei av dei viktigaste avgjerslene teke i Ålesund.

– Den viktigaste avgjersla som ein tok under krigen var den ein tok heime i Ålesund, då eg bestemte meg for at eg ville reise og melde meg.

– Etter det var det oppgåvene og jobbane vi fekk som skulle gjerast. Då tenkte ein på jobben og ikkje på at det var farleg, fortel Rønneberg.

Saka held fram under bildet.

Tungtvannsaksjonen på Rjukan

Her er Norsk Hydro-fabrikken på Vemork fotografert, truleg, like før andre verdskrig.

Foto: Scanpix

– Må kjempast for kvar dag

70 år etter blir den vellukka aksjonen framleis prata om.

– Kvifor er det eigentleg viktig at vi minnast det som skjedde, slik det blir gjort desse dagane?

– Det er viktig å få folk til å forstå at fred og fridom ikkje er ein sjølvsagt ting. Vi ser på fjernsynet og høyrer i radioen i dag korleis det er, til og med i enkelte delar av Europa. Folk må forstå at fred og fridom må kjempast for kvar dag.

Åleine på gammal grunn

Militære sjefar frå Noreg, USA og Storbritannia vil vere til stades under markeringane. Rønneberg sjølv vil halde tale, som den siste gjenlevande etter aksjonen.

– Korleis er det å vere den einaste som no er her av alle de som var med under aksjonen?

– Det er jo veldig rart, og det blir vel enda rarare ... Når det går opp for ein at her er ein, på gammal grunn, men heilt åleine, seier Rønneberg.

Han er glad for minnemarkeringa og anledninga til å tenkje over alle som var med under aksjonen.

– Dei gjorde det beste dei kunne og ein fantastisk innsats. Etter at vi var ferdige med jobben så blei vi alle påskjønna med medaljar.

– Det var ikkje slik som det ofte var, at eit krigsskip som hadde gjort noko og skipperen fekk medalje og dei andre berre omtale. Her fekk vi alle ei påskjønning til å minnast.

Saka held fram under bildet.

Strømsheim, Aarsæther og Rønneberg

Her er Birger Strømsheim, Olav Aarsæther og Joachim Rønneberg, tre av sabotørane, saman mange år etter aksjonen.

Foto: Den Norske Turistforening

– Som eit eventyr

For Rønneberg gløymer det ikkje. Det var raskt inn og raskt ut under aksjonen. Tungtvasscellene på anlegget blei sprengt.

900 kilo tungtvatn øydelagt, sabotørane raskt opp igjen på Hardangervidda.

– Korleis var det då de skulle gå i måneskinet innover vidda etterpå?

– Det var som eit eventyr. Vi brukte jo heile natta nede i dalen, men då vi kom opp på fjellet og tok på oss ski og byrja innover ...

– Vi hadde inntrykk av, slik situasjonen var, at ingen spor var avsett nokon stad og som kunne fortelje styrkane kor vi kom frå. Det som låg framfor oss då var ein kjempelang skitur, og den rekna vi med at vi skulle klare.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL