Millionstøtte til bypakkane

Samferdselsutvalet vil at fylket skal ut med 350 millionar kroner for å støtte bypakkane i Kristiansund, Molde og Ålesund.

Innfartsveg Ålesund

Vegpakkar til fleire milliardar kroner utfordrar politikarar både i Ålesund, Molde og Kristiansund. Dei fleste seier ja til bompengar.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Både Ålesund , Molde og Kristiansund har bypakkar dei vil ha gjennomført, for å betre trafikkforholda. Det vil koste fleire milliardar kroner. Dei fleste seier ja til bompengar, men dette vil ikkje dekkje alle utgiftene.

Fleirtalet i samferdselsutvalet meiner at fylket må bidra til bypakke-satsingane, sjølv om dette betyr utgifter på om lag 350 millionar kroner.

Les også:

350 millionar frå fylket

Framstegspartiet vil vente med å svare på kva dei vil gjere, medan Hege Gangnat (Ap) seier dette er ei utfordring fylkeskommunen må ta.

– Både Ålesund, Kristiansund og Molde jobbar med å få løyst sine trafikkproblem i sentrum. Som regional utviklingsaktør er det viktig at fylkeskommunen gir signal om at vi ønskjer å hjelpe dei tre byane vidare med dette, seier Gangnat.

Det er vedteke å bygge firefelts veg inn til Kristiansund. Bystyret gjekk inn for rådmannen sin innstilling.

Formannskapet i Kristiansund går inn for å gå vidare med Statens Vegvesen si tilråding om firefelts veg.

Men, kvar fylkeskommunen skal ta dei 350 millionar kronene frå, veit ho ikkje.

Akkurat no veit vi ikkje kvar vi skal ta pengane frå, men vi har funne pengar før. Vi er gode på å vere kreative når det gjeld finansiering, så eg har tru på at vi skal klare det no også, på eitt eller anna tidspunkt.

– Pengar vert ei stor utfordring

Gangnat trur eit eventuelt bidrag frå fylkeskommunen langt på veg vil vere avgjerande for realiseringa av bypakkane.

– Det er lagt opp til at vi skal ta ein liten prosentdel av finansieringa, og eg trur det er viktig for byane å skjøne at fylkeskommunen bidreg.

Helge Orten (H) er også klar på at fylkeskommunen bør ta sin del av utgiftene for å betre trafikksituasjonen i dei tre byane.

Eg synast vi skal ha ei tydeleg rolle i forhold til bypakkane. Det er viktig for alle tre byane våre at vi får utvikla gode innfartsvegar, gode gang- og sykkelvegar og gode kollektivløysingar, seier Orten.

– Men pengar vert ei stor utfordring. Vi må klare å ta dette innanfor den handlingsplan-perioden vi er inne i no, altså ein tiårsperiode. Dessutan håper vi på å få statleg medverknad til prosjekta.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.