Hopp til innhold

MFK optimistiske til kampen mot Bodø/Glimt

Molde FK manglar fleire spelarar og er i motbakke. Dei held likevel motet oppe og ser fram til dagens kamp.

Molde FK

Moldespelarane var optimistiske og klar for kamp etter gårsdagens trening.

Foto: NRK

Molde er desperate på å få med seg alle tre poenga mot Bodø/Glimt. Trenar Ole Gunnar Solskjær slit framleis med mange skada forsvarsspelarar, og jobbar no med å få dei til å senke skuldrane.

Solskjær

Ole Gunnar Solskjær er ikkje stressa for kveldens kamp.

Foto: NRK

– Eg oppmodar dei til å gå ut på bana med ei vilje til å vinne i staden for å tenke på frykta for å mislukkast, seier Solskjær.

Solskjær er optimistisk og satsar på mange mål.

– Forrige gong hadde vi seks spelarar ute, noko som var tøft, men eg håper på ein catch-up-effekt denne gongen, seier han.

Har tru på at spelet kan snu

Ein av dei som kjenner ansvarets tyngde og tek sin del av skulda for 31 baklensmål på ein niande plass på tabellen, er Vegard Forren.

Molde FK

Midtstoppar Ruben Gabrielsen har trua på at spelet vil snu.

Foto: NRK

– Ja, ein kjenner mykje skuld når ein har slept inn alt for mange mål, seier spelaren.

Midtstoppar Ruben Gabrielsen har trua på at spelet vil snu.

– Vi er på heimebane og vi skal angripe denne kampen med fullt fokus og sjølvtillit.

Solskjær kjenner på presset for spelarane sin del.

– Eg veit korleis dei har det og vi har vore i gjennom slike perioder før, seier han, men legg til at han ikkje er stressa sjølv.

Kampen spelast lørdag klokka 15.30 på Aker Stadion i Molde.