Hopp til innhold

– Namnet mitt blei i alle fall landskjend «over natta»

Mette Hanekamhaug kjem trippande i god driv inn på kaffibaren. Ho har halde foredrag for 80 ungdommar, og skal straks vidare til ein avtale på Stortinget. Men ho rekk ein kaffi og ein prat.

Mette Hanekamhaug

Mette Hanekamhaug bytter gjerne ut stortingsrestauranten med kaffibar i Akersgata. Denne dagen kom ho rett frå skuledebatt, der ho fekk formidle bodskapen sin til 80 ungdommar.

Foto: Terje Reite / NRK

– Eg blir så engasjert. Eg er i mitt ess når eg får snakke til ungdommane på denne måten, seier ho oppglødd.

Det var eit voldsomt trøkk, og første dagen var ei «utanfor meg sjølv-oppleving».

Mette Hanekamhaug

Ho har snakka med ungdom om engasjementet, om framtida og om kunnskap.

– Eg prøver å forklare på min måte at vi ikkje kan vente til vi er 40. Vi kan ikkje overlate framtida til foreldregenerasjonen. Når eg får møte ei slik forsamling prøver eg å plante inn eit engasjement for korleis vi skal få Norge opp og fram, seier ho og blir endå meir engasjert.

Harald Nesvik, Mette Hanekamhaug og Oskar Grimstad

Dette er gruppa til Framstegspartiet på Stortinget i førre stortingsperiode. Mette Hanekamhaug er flankert av Harald Tom Nesvik og Oskar Grimstad.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Fekk ståande applaus

Ho fortel om Kina som har 30 millionar studentar. Svært mange av desse studerer tekniske fag og realfag. Dei er internasjonale. Og desse skal norsk ungdom konkurrere med.

Eg gjekk fleire rundar med meg sjølv før eg valde å stå fram med spiseforstyrringane. Openheita har vore med på å byggje ned tabu.

Mette Hanekamhaug

– Vi skal leve av ein kunnskapsdriven økonomi. Derfor er også norsk skulepolitikk, høgare utdanning forsking noko av det eg brenn aller mest for, seier ho. Og veit du, ungdommane i dag reiste seg og gav meg ståande applaus, smiler ho og er svært nøgd med korleis dagen har starta.

– Måtte halde hovudet over vatnet

Mette Hanekamhaug blei verkeleg kasta ut på djupt vatn, etter valnatta i 2009. Med minst mogleg margin kom ho inn på Stortinget på utjamningsmandat. Først fekk ho beskjed om at ho var inne. Så kom det kontrabeskjed, ho kom ikkje inn på tinget likevel. Deretter snudde det heilt igjen. Ho blei innvald, og blei den yngste representanten på Stortinget.

– Det der var ei «utanfor-meg-sjølv-oppleving». Eg hadde følgt med gjennom natta, og frå klokka 6 den morgonen var det jamt trøkk frå nasjonale og regionale medium. Eg tenkte berre at eg måtte halde hovudet over vatnet, seier ho og tenkjer på dei kaotiske timane dagen etter valnatta.

– Blei landskjend over natta

Ho ser imidlertid at ho kanskje fekk ein liten fordel ut av det massive trøkket etter valnatta i 2009. For dramaet førte til at ho fekk svært mykje merksemd.

– Namnet mitt blei i alle fall kjend «over natta». Og dei fire åra etter har vore som ein draum. Eg elskar å drive på med politikk. Det har vore krevjande og tøft, men eg toler mykje, smilar ho.

Mette Hanekamhaug

Mette Hanekamhaug i radiostudio. Ho blei landskjend over natta då ho blei vald inn på Stortinget som yngste representant, på mest dramatiske vis.

Foto: Hilde Bruvik / NRK

– Kan ikkje førestille meg noko anna

No står ho igjen på ein i høgste grad usikker plass på Frp-lista i Møre og Romsdal. Ifølgje meiningsmålingane er det berre førsteplassen på lista som er rimeleg trygg. Det går mot nok eit spennande val for Mette Hanekamhaug.

Eg gjekk fleire rundar med meg sjølv før eg valde å stå fram med spiseforstyrringane. Openheita har vore med på å byggje ned tabu.

Mette Hanekamhaug

– Eg kan ikkje førestille meg noko anna liv enn livet som stortingsrepresentant no. Eg har ingen «plan B» i fall eg ikkje skulle bli vald inn, seier ho. Men ho legg til at ho framleis er ung, ho har mykje ho brenn for og gjennom arbeidet som stortingsrepresentant har ho fått med seg ein kompetanse som ho vil bere med seg inn i ein eventuell ny kvardag, om det er DET veljarane vil.

– Rassikring er viktig

Det er skulepolitikken Mette Hanekamhaug har arbeidd aller mest med. Ho er medlem i kyrkje, utdannings- og forskingskomiteen.

– Sjå berre på ei sak som skoleskyss. Den viser kor viktig det er å ha representantar som ikkje ser saka berre gjennom Oslo-briller. Dei som er herifrå skjønar seg ikkje så lett på dette med skredfarlege skulevegar, seier ho. Fagskulane er eg opptekne av og eg er stolt over at Høgskulen i Molde har bygd seg opp til å bli marknadsleiande innan logistikkutdanning.

Siv Jensen Mette Hanekamhaug

Her er Mette Hanekamhaug saman med partileiar Siv Jensen. Begge to vonar på eit godt val frå Framstegspartiet, og at partiet for fyrste gong skal kome i regjeringsposisjon.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

– Tenkjer ikkje så mykje taktikk

I skulepolitikken legg ho også opp til eit nært samarbeid med Høgre. Ho meiner Høgre har same retning og mål som Framstegspartiet i denne sektoren. Men ho avviser at ho med det bevisst frir til Høgre-veljarane, sjølv om Høgre ligg an til å få inn sine med god margin, medan ho sjølv må kjempe for kvar stemme.

– Kanskje eg burde det, skrattar ho. Men eg tenkjer ikkje slik. Eg er kanskje den største idealisten, men ikkje den største strategen Skulle eg berre tenkje taktikk, ville eg misse lysta og iveren etter å drive med politikk. Eg tenkjer på kva som er viktig å få gjennomført, seier ho med ettertrykk. Så får folk velje om dei er samde eller ikkje, legg ho til, og tek ein slurk av kaffikoppen.

– Prioriterer det eg tykkjer er viktig

Ei av dei første sakene ho tok opp i Stortinget, handla om mobbing i skulen. Ein mann, som sikkert var velmeinande, tok kontakt med far hennar, for å fortelje at det kanskje ikkje var så lurt å ta opp den saka. For det var ikkje så mykje nye veljarar å hente ved å profilere seg på den typen saker, meinte han.

– Eg blei så lei meg. At det går an å tenkje slik. Sånn skal eg aldri tenkje. Eg må ta utgangspunkt i det som er rett, sjølv om eg skulle misse veljarar på det, slår ho fast.

– Er alltid engasjert

Mette Hanekamhaug likar ikkje å få broilerstempelet på seg. Men ho fortel gjerne at ho har hatt eit engasjement frå no var ein neve stor. Alt i førsteklasse på barneskulen hadde ho meiningar om kvar sklia i skulegarden skulle plasserast, og gav klare meldingar om når det var på tide med utegym. Ho var aktiv i elevrådsarbeid, og i 8. eller 9. klasse høyrde ho sin første politiske skuledebatt.

– Eg var fjorten år og blei veldig engasjert. Eg kom heim og byrja å meine og synse. Far min var frampå og påpeika at om eg skulle meine noko, måtte eg også ha kunnskap. Dermed henta fjortenåringen inn valbrosjyrar som eg studerte. Eg fann tidleg ut at verdiane mine høyrde heime på høgresida.

– Trudde politikk skulle vere hobby

Ho blei nærast «lurt» med på eit informasjonsmøte om FpU, men blei engasjert, lærte mykje om samfunnet og blei kursa i tale- og debatteknikk.

– Men eg tenkte berre på politikk som ein hobby, ikkje noko eg skulle drive på med på heiltid. Eg sa først nei til å bli nominert, eg skulle studere og jobbe. Men no er eg glad for at eg sa ja til slutt. Eg likar dette livet så godt. Eg har fått fire år på Stortinget, og det har vore som i ein draum. Eg elskar dette, sjølv om det også er krevjande, tøft og av og til må ein tole mykje.

– Eg ville byggje ned tabu

På eit tidspunkt blei det klart at Mette Hanekamhaug hadde spiseforstyrringar. Ho måtte ta ein pause for å kome til hektene att. Ho valde å vere open om sjukdomen. Ho angrar ikkje.

– Eg måtte ta mange rundar med meg sjølv. Men eg er med i politikken fordi eg vil bidra til å gjere ein forskjell. Med å stå fram med sjukdomen har eg vore med på å byggje ned tabu, noko som enkeltmenneske og samfunnet tener på. Det er knytt ei skamkjensle til spiseforstyrring, og mange har takka meg for at eg sette fokus på det. No tør fleire å be om hjelp. Og eg kjem til å vere stolt over det eg gjorde resten av livet, seier ho.

Mette Hanekamhaug

Mette Hanekamhaug angrar ikkje på at ho fortalde om spiseforstyrringane. Ho meiner ho har vore med på å byggje ned tabu kring emnet. Men ho måtte gå mange rundar med seg sjølv før ho fortalde om dette.

Foto: Poppe, Cornelius / Scanpix

– Har eit miljø i Oslo

Fleire stortingsrepresentantar fortel at dei er på Stortinget frå morgon til seint om kvelden kvar einaste dag, og at dei i hovudsak lever det sosiale livet sitt i heimfylket. Mette Hanekamhaug fortel derimot om eit godt utvikla sosialt liv i hovudstaden.

– Det er sikkert lettare for meg. Eg studerte i Oslo før eg vart heiltidspolitikar, og eg har verken ektefelle eller barn som ventar på meg i Molde. Eg har ein stor venninnegjeng og eit kontaktnett her i Oslo. Og det handlar om å ha eit liv utanfor politikken, og det handlar om å ta byen i bruk.

Mette Hanekamhaug ønskjer ikkje å hamne inne i ei «politikarboble», der ho berre snakkar med politikarar og mediefolk også på fritida. Ho styrer unna pubar og restaurantar, eller «vasshola», der politikarane og journalistane heng ut over kvelden.

– På fritida er eg ute med vennane mine. Mange er frå Møre og Romsdal. Vi er ein venninnegjeng som går på kino på annakvar tysdag, her er teater, amatørstandups, og eg likar godt å gå på små, lokale konsertar på Grünerløkka. Det er heilt fantastisk å lære å bruke byen, skrattar ho, mens ho avslører at quiz-kveldar også står høgt i kurs.

Ho ser at det å vere stortingsrepresentant er eit spesielt liv, og at det finst dei representantane som gjer arbeidet til ein altomfattande del av livet sitt.

– Eg gjer absolutt jobben min. Men det handlar også om å finne rette balansen og å ta vare på seg sjølv, seier ho.

– Det kan bli like spennande som sist

Telefonen ringjer på nytt. Denne gongen var det avisa Tidens Krav i Kristiansund som ville ha henne i tale. Valkampen er i gang, og Mette Hanekamhaug er på full veg inn i ein ny og spennande valkamp, som KAN resultere i periode nummer to på Stortinget.

Det kan bli like spennande denne gongen som sist. Eg kjem til å stå på, og snakke om det eg trur på.

– Du har snakka om utdanning til ungdom i dag. Er det utdanningspolitikk du kjem til å legge hovudvekt på i valkampen?

Ja, det blir viktig. Men eg er jo også oppteken av næringspolitikken, sjukehussaka og mange, mange andre saker som er viktige i Møre og Romsdal.

Ser du framleis på deg sjølv som ein ungdomspolitikar, når du eventuelt går inn i di andre periode på Stortinget?

Nei, eg kan vel ikkje det no lenger. Eg har vel heller ikkje vore ungdomspolitikar slik sett. Eg er stortingspolitikar og arbeider for dei viktige sakene i Møre og Romsdal, seier ho i det ho fyk av garde i same farta som ho kom. Avtalen på Stortinget ventar og Mette Hanekamhaug har eit brennande ønskje om å kunne halde fram arbeidet i dette politiske sentrumet i fire år til.