Ingen av dei andre sjukehusa i fylket var med i kontrollen.
Merknadene går på manglande dokumentasjon under enkelte fødslar.
- Det som skal gjerast under ein fødsel blir sjølvsagt gjort, seier Sissel Hjelle, som er seksjonsoverlege ved fødeavdelinga i Ålesund.
- Men etter ein fødsel skal ein kunne gå tilbake til dokumentasjonen for å sjå kva som blei gjort, og kven som gjorde kva, seier Hjelle.
Ho seier dei no skjerpar rutinane ved avdelinga.