NRK Meny
Normal

Meiner kommunen var for raske på avtrekken

Brukarane av Storhallen kritiserer no kommunen for å ha vore på raske med å tilby hallen til asylmottak.

Eirik Hoseth

Dagleg leiar Eirik Hoseth i sportsklubben Herd seier dei er på etterskot med cupen i mars, og at dei no får store problem.

Foto: Trond Vestre / NRK

Hundrevis av unge og eldre som har telt ned dagar før dei måtte belage seg på å trene utandørs. Frå midten av desember skulle kommunen ta imot flyktningar, men no blir det likevel ikkje noko av.

Det virkar som ei overilt avgjerd og vi syns dei har vore litt for raske på avtrekken, seier dagleg leiar Eirik Hoseth i sportsklubben Herd.

– Komikveld

Fredag formiddag blei det klart at UDI trekkjer seg frå forhandlingane om å bruke Storhallen i Ålesund som akuttmottak. Dei grunngir dette med at straumen av flyktningar er langt mindre enn før. Hoseth er glad for avgjerda, men likevel kritisk til det som har skjedd.

Det virkar som ein komikveld heile greia. Vi tek utangspunkt i at det blir, men like før kontraktene skal skrivast under, får vi kontrabeskjed. Det blir litt useriøst, seier han.

Men du er vel glad på vegne av brukarane?

Ja, for alle brukarane, unge som eldre, er dette ei kjempenyheit

Herd har tidlegare gått ut i Sunnmørsposten og sagt dei krev fleire hundre tusen kroner i kompensasjon, fordi dei må avlyse Møre cup i mars. No blir det likevel cup, men også det skaper problem.

Vi er på etterskot så det held, så dette skaper nye utfordringar for oss.

Planla som før

Også AaFK hadde planar om ein stort cup, VARD Aafk Fair Flay Cup 2016 i januar. Men dei har tenkt annleis enn Herd.

Vi har planlagt som om ingenting skulle skje, og det har vore ein svært vellukka strategi, seier leiar Bent Brande. Også han er glad for at UDI no snur, slik at dei som brukar hallen til dagleg kan halde fram med det.