Hopp til innhold

Mattilsynet: – Burde ikkje ha tatt imot fisken

SUNNMØRE TINGRETT (NRK): Det er alvorleg at det ikkje er mogleg å spore fisken som blei selt, meiner Mattilsynet.

Sunnmøre tingrett

Onsdag vitna Mattilsynet i retten om fisketjuverisaka på Sunnmøre.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Sporing og merking blei tema då Mattilsynet vitna i retten onsdag.

Tre menn er tiltalt for heleri av fisk frå Scanprod AS til ein samla verdi av nesten 12 millionar kroner. Ein av desse, ein mann med tilknyting til Aalesund Seafood, er tiltalt for å ha mottatt fisk, vel vitande om at det var ei straffbar handling som låg bak. Den sistnemnde og mannen som skal ha selt fisken er i tillegg tiltalt for brot på matlova.

Det var etter tips frå politiet at Mattilsynet valde å gjennomføre ein kontroll ved Aalesund Seafood i 2015. Der blei det oppdaga mangelfull merking på fisk som hadde blitt levert frå den hovudtiltalte.

– Bedrifta kunne spore fisken eit steg fram, altså kvar den blei sendt vidare, men ikkje kvar den kom ifrå, sa Mona Hansen, seniorinspektør i Mattilsynet.

Manglande sporbarheit

Hansen forklarte vidare at det er eit krav at fisken kan sporast, for å kunne vere sikker på at vara er trygg for forbrukarane. Umerka fisk og fiskevarer blir sett på som utrygge fordi det ikkje finst dokumentasjon på at produkta er framstilt og handtert av verksemder med nødvendig godkjenning frå Mattilsynet.

Under sine undersøkingar ved Aalesund Seafood og Brødrene Aarseth sitt produksjonsanlegg fann Mattilsynet manglande dokumentasjon på leveransane frå den hovudtiltalte.

– Vi ser svært alvorleg på manglande sporbarheit og måtte mellom anna varsle alle EU-landa som kan ha mottatt denne fisken. Når fisk ikkje har sporbarheit så kan ein heller ikkje vurdere om maten er trygg, sa Hansen.

Vidare sa ho at Aalesund Seafood hadde vore samarbeidsvillige i etterkant med å spore opp dei aktørane som fisken blei selt vidare til.

Burde ikkje tatt imot fisken

Det skal også ha vore gjennomgåande at det mangla merking på leveransane frå den hovudtiltalte. Elles skal leveransane til Brødrene Aarseth ha vore godt merka med nødvendig informasjon.

Hansen forklarte vidare at det er opp til kvar enkelte aktør å kontrollere kvar fisken kjem frå og å sette seg inn i det lovverket som gjeld for kjøp og sal av mat eller matprodukt.

– Dei burde ikkje ha tatt imot fisken utan å vite kvar den kom frå.

Begge mennene som er tiltalt for brot på matlova erkjende ikkje straffskuld for forholdet då rettssaka starta måndag.