Hopp til innhold

Eventyrar Mats (28) vil gi ungdommar tilbodet han sjølv trengde

Mats Grimsæth sleit med å komme seg gjennom ein teoretisk kvardag på skulebenken. No vil han gi tilbake og hjelpe ungdommar i same situasjon som han var i.

Mats Grimsæth med elev.

NYTT PROSJEKT: Mats Grimsæth tilbyr elevane ein alternativ skulekvardag i samarbeid med Skodje ungdomsskule.

Foto: Selma Lou Reinhart / NRK

I ungdomstida var Mats Grimsæth ein rastlaus gut med mange tankar. Han passa rett og slett ikkje inn i skulesystemet.

– Eg visste ikkje korleis eg skulle snakke om rastløysa mi og kjente at eg ikkje dugde til å gjere noko som helst. Vendepunktet for meg var havet.

På eventyr på havet kjente Grimsæth at han fann sin plass. Han fann ein annan type ro, fekk sortert tankane sine og kjent på meistring, glede og tilhøyrsel.

No tek han med seg ungdomsskuleelevar på sitt neste prosjekt.

Mats Grimsæth

Mats Grimsæth pussar opp skøyta «Havstar» i samarbeid med båteigar Roger Hofseth.

Foto: Selma Lou Reinhart / NRK

Ein meir aktiv skulekvardag

Kvar veke får Grimsæth besøk av unge frå Skodje ungdomsskule som treng ein meir aktiv skulekvardag.

Saman med båteigar Roger Hofseth jobbar dei med restaurering av ei gammal skøyte frå 1978 på motorfabrikken Nogva i Søvika på Sunnmøre.

No lengtar skøyta etter å komme ut på havet igjen, og det skal ungdommane hjelpe den med.

– Eg har hatt ein draum om å skape eit tilbod for ungdommar utanfor skulebenken, seier han.

Mats Grimsæth

Mats Grimsæth lærer seg kunnskapar og tradisjonar knytt til restaurering som held på å døy ut.

Foto: Selma Lou Reinhart / NRK

– Vi treng fleire tilbod

Rektoren ved Skodje ungdomsskule, Trond Herje, seier at dei er positive til prosjektet med Grimsæth, som begynte i desember 2023.

Vi treng fleire «Mats-ar», men dette er ein god start. Han jobbar med kvar enkelt, bygger gode relasjonar og gir dei trua på seg sjølv igjen.

Det heile starta som eit samordna rus og kriminalførebyggande tiltak. Det er eit nytt prosjekt som har ført til at fleire ungdommar har blitt på skulen, fortel rektoren.

Per Kristian Bratholm utenfor hovedkontoret til Dale Oen Akademiet i Ålesund.

Per Kristian Bratholm ved Dale Oen Academy, seier ein treng fleire tilbod til unge som ikkje meistrar skulekvardagen.

Foto: Selma Lou Reinhart

Også dagleg drivar i Dale Oen Academy, Per Kristian Bratholm, heiar på Mats Grimsæth. Akademiet tilbyr eit pauseår for ungdommar mellom 15–20 år fleire stader i landet.

– Vi ser at fleire burde gjere som Mats og oss. Vi treng fleire tilbod i Ålesund. Det å oppleve meistring og samhald er noko alle menneske treng.

Bratholm har ei klar oppfordring til ungdommane.

Det at du ikkje lykkast på skulen, treng ikkje å bety at du ikkje kan lykkast i livet.

Mats Grimsæth og elev fra Skodje ungdomskole pusser opp skøyta Havstar.

Det er ikkje berre fagleg relatert snakk medan dei jobbar, også erfaringar og tankar om livet blir delt.

Foto: Selma Lou Reinhart / NRK

Vil styrke den praktiske skulen

Vi veit at fleire og fleire barn og unge fortel at dei ikkje er motiverte. Mange går ut av ungdomsskulen med resultat som gjer vegen vidare krevjande.

Det seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap). Ho meiner at tida er moden for å gjere 5.–10. trinn meir praktisk og variert, slik at elevane kan lære meir og trivast betre.

For å bidra til det gir regjeringa 127 millionar kroner til skulane slik at dei kan satse på den praktiske opplæringa.

Kari Nessa Nordtun

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun vil satse på ein meir praktisk kvardag for ungdommar over heile Noreg.

Foto: Knut Are Tornås

Ho meiner det er viktig at den enkelte skulen ser behova til elevane, og sett av ressursar sånn at elevane skal ville fullføre skuleløpet.

Mats og Skodje ungdomsskule tilbyr ungdomane eit spennande tilbod. Det er viktig å nytte seg av nye type ressurspersonar for å bidra til auka motivasjon blant elevane.

Nordtun seier at dei i år skal legge fram ei stortingsmelding kor deira klare mål er at skulen skal bli meir praktisk og variert.

Tilbake på skøyta i Søvika går dagens arbeid føre seg for fullt. Mats Grimsæth og ein av ungdommane skal få på plass ein ny kloss.

Klossen passar til slutt, akkurat slik den nye, meir praktiske kvardagen passar betre for ungdommane.

Ny kloss til dekket på Havstar.

Alle kantane på klossen må vere finpussa for å få plass.

Foto: Selma Lou Reinhart