Hopp til innhold

Kritisk til Cubus-kampanje – meiner barn blir brukt som reklameplakat

Mariann Johansen reagerer på at influensarar deler bilde av barna sine i Cubus sin kampanje «mom to mom». – Alt er iscenesett for at det skal passe ein annonsør.

Mariann Johansen

Mariann Johansen kallar seg sjølv «avfluenser». Ho er oppteken av at barn skal ha sitt eige privatliv, utan å bli delt bilde av på nett.

Foto: Jonas Otneim / NRK

På eigne instagramkontoar legg fleire influensar-mødrer ut bilde av seg sjølv og barna, kledd i Cubus sine klede. Under skriv dei om livet med barn, og brukar emneknaggen #cubusmomtomom.

– Eg blir litt sjokkert, for det står fram så ute av tida. Viss nokon hadde prøvd å selje ein bil med ei bikinidame på panseret ville vi reagert ganske sterkt. Her blir barn brukt for å oppnå den same effekten. For å få merksemd og klikk på eit produktsal.

Det seier Mariann Johansen. Ho kallar seg sjølv «avfluenser», og er aktiv i debatten om deling av bilde av barn på nett.

Skjermbilde av emneknaggen cubusmomtomom på Instagram.

Influensarar deler bilde under emneknaggen #cubusmomtomom. NRK har prøvd å få kontakt med fleire av dei, utan å få svar.

Foto: Skjermbilde frå Instagram

Angra seg

Johansen har ikkje alltid vore like kritisk til å dele bilde av barn. Tidlegare har også ho lagt ut bilde av barna sine på sosiale medium og blogga om kvardagen som småbarnsmor. Men då ho såg tilbake på kva ho hadde lagt ut, slutta ho. Ho meinte ho hadde utlevert barna utan deira samtykke.

Mariann Johansen

Mariann Johansen frå Ålesund har slutta å blogge om småbarnslivet. I staden skriv ho kritisk mot deling av bilde av barn under instagramkontoen «Frujohansen».

Foto: Jonas Otneim / NRK

Sjølv om ho også angra seg, meiner ho det var meir privat og ekte å dele augneblinkar frå småbarnslivet for 10–15 år sidan.

– Det eg reagerer sterkast på akkurat no, er at alt er så iscenesett. Samtidig som ungane er ekte. Bursdagane er ekte. Feriane er ekte. Men alt er iscenesett for at det skal passe ein annonsør. Det er ikkje uskyldig. Alle veit kva dei gjer.

Men er det ikkje opp til kvar enkelt forelder å bestemme over barna sine?

– Jo, det er det. Men eit samla fagmiljø åtvarar mot det. Datatilsynet, Kripos og også FN sin barnekonvensjon seier at barn har rett til sitt eige privatliv, seier Johansen.

Ho meiner det først og fremst er det at barna blir brukt i ei reklame som er arrangert og betalt av Cubus som er problematisk.

Mariann Johansen

Johansen meiner det er annleis å bruke barn av influensarar i reklame, enn å bruke barn ein ikkje veit kven er.

Foto: Jonas Otneim / NRK

Spør barna

Janne Stang Dahl er konstituert direktør i Datatilsynet. Ho seier det ikkje finst nokon klare reglar for kva ein kan dele av kvardagslege bilde av barna sine på nett. Men seier det kan vere uheldig av ein kommersiell aktør å stille seg bak det.

– Det er viktig å alltid spørje barna «synast du det er greitt at eg deler dette bildet på nettet?» Det er veldig viktig at barna blir høyrt, og at ein respekterer svaret ein får.

Janne Stang Dahl, konstituert direktør i Datatilsynet.

Janne Stang Dahl i Datatilsynet seier ein hovudregel er å dele minst mogleg av barna sine på nett. Men at dette er opp til kvar enkelt forelder.

Foto: Ilja C. Hendel / © Ilja C. Hendel

Skal lage klare reglar

«Mom to mom» kampanjen har som mål at mødrer skal dele erfaringar om å det vere mamma, står det på Cubus si nettside. Det seier også Marknadssjef i Cubus, Johan Jakobsson. Han fortel at dei let det vere opp til kvar enkelt influensar å ta ei avgjerd på vegner av si familie.

– Reaksjonen tek vi på alvor, og ser dette som ein viktig debatt. Som ein ansvarleg aktør har vi difor sett i gong med å utarbeide retningslinjer for framtidige samarbeid der influensarar deler av sin kvardag og familie. Dette starta direkte etter vi fekk dei tilbakemeldingane som vi fekk.

Mariann Johansen er glad for at Cubus tek kritikken alvorleg.

– Eg håpar dei tek betre vurderingar neste gong. Eg håpar dei kan sjå at dei bidreg til å halde i live ein bransje som eit ganske unisont fagmiljø anbefaler imot, seier Johansen.

Les også Sjokkerte over kor godt reklame på SoMe treffer: – Skulle tru dei høyrer etter

Studentane Christine Hegedus (21) og Karianne Stige Hanøy (21) fortel at dei stadig vekk får annonser på sosiale medium for ting dei har snakka om.