– Eg lurer jo på om vi blir avlytta, spesielt når eg får reklame for ting eg berre har snakka om.
Det seier Christine Hegedus (21). Ho er student ved Høgskulen på Vestlandet og får støtte av Karianne Stige Hanøy (21) som har opplevd det same.
– Du kan aktivere Siri berre ved å seie namnet, så ein skulle nesten tru dei høyrer etter, seier Hanøy.
Det er ikkje nytt at teknologigigantar som Meta brukar avanserte algoritmar og kunstig intelligens for å målrette reklame til oss på Instagram og Facebook.
Likevel blir studentane skremde av kor presise reklamane har blitt.
På nyttårsaftan var Hanøy på fest. Ho spøka med at det burde finnast eit armband som fortel deg kor mykje du har drukke.
Då ho opna Instagram litt seinare på kvelden, fekk ho reklame for akkurat eit slikt armband.
– Det var sjukt. Då blei eg faktisk litt redd.
Har du fått reklame på Instagram eller Facebook for noko du berre har snakka om?
Ingen bevis for avlytting, men teknologien finst
– Stemmeattkjenning finst og eit selskap som Meta har tilgang på han. Ein kan ikkje utelukke at dei bruker han, utan at eg har noko bevis for det.
Det meiner Malgorzata Cyndecka ved Universitetet i Bergen. Ho har forska på ansvarleg kunstig intelligens, personvern og GDPR.
PERSONDATA ER BETALINGA: Førsteamanuensis ved Det juridiske fakultet, Malgorzata Cyndecka, minner om at det er våre eigne personopplysingar som er betalinga for å bruke gratisappar.
Foto: Kim E. Andreassen, Universitetet i BergenKommunikasjonsansvarleg i Meta Norden, Lukasz Lindell, avviser at dei lyttar på brukarane sine.
«Vi viser annonsar basert på folk sine interesser og anna profilinformasjon – ikkje det du snakkar høgt om,» skriv han i ein e-post til NRK.
Sjå heile svaret lenger nede i saka.
Sensitive personopplysingar
Cyndecka er også bekymra for at vi ukritisk gir frå oss detaljerte personopplysingar kvar gong vi brukar desse appane.
Opplysingane blir samanstilt og strukturert ved bruk av avanserte algoritmar. Slik blir det generert svært sensitiv informasjon om oss, såkalla «inferred data», utan at vi sjølve har oppgitt denne. Det er problematisk, meiner ho.
RULLAR: Studentane ved Høgskulen på Vestlandet rullar forbi reklame retta spesifikt mot deira segment.
Foto: Oda F. Lødemel / NRK SOGN OG FJORDANEMeta Norden meiner at personalisering av reklame ikkje går på kostnad av personvernet til brukarane.
Likare enn vi skulle tru
Opplevingar som den studenten Hanøy hadde på nyttårsaftan, blir ofte oppfatta som for spesielle til å vere tilfeldige.
Likevel lar dei seg forklare av to ord: statistikk og persepsjon.
Det seier Dag Svanæs, professor ved Institutt for datateknikk og informasjonsvitskap ved NTNU.
– Statistisk sett er det mogleg å oppleve slike rare samantreff ganske ofte i løpet av livet. Det at vi legg merke til dei, kan forklarast med kva vi har fokus på, bevisst eller ubevisst.
Sjølv om teknologien er der, trur ikkje Svanæs at selskap som Meta bruker tid på å lytte til samtalane våre. Det handlar meir om at vi er likare kvarandre enn vi skulle tru.
– Algoritmane kalkulerer sannsyn ut frå data vi sjølv har gitt frå oss, men og ut frå kva andre som liknar på oss engasjerer seg i på desse appane og andre tredjepartssider, seier han.
Kjem ikkje til å slutte
Studentane i Førde er klare over at dei gir frå seg sensitive persondata i byte mot å bruke ulike appar.
VIKTIGE PLATTFORMER: Christine Hegedus og Karianne Stige Hanøy seier dei godtek vilkåra som gjer at dei får så spissa reklame, fordi appane er viktige for dei i kvardagen.
Foto: Oda F. Lødemel / NRK SOGN OG FJORDANESjølv om dei er skeptiske, kjem dei ikkje til å slutte. Appane er viktige i kvardagen og lar dei halde kontakten med vener og familie.
– Målretta reklame må vi nesten berre takle om vi vil vere ein del av fellesskapen.