Hopp til innhold

Angrar på at ho blogga om barna

Mariann Johansen er sjokkert over korleis ho utleverte barna sine då dei var små. Bloggaren ser i ettertid at det var respektlaust og åtvarar andre mot å gjere det same.

Mariann Johansen

Mariann Johansen trudde ho hadde høg terskel for kva ho skreiv om barna då dei var små, men nokre år etterpå er ho overraska over kor utleverande ho var.

Foto: privat

Då Mariann Johansen frå Ålesund starta bloggen fru Johansen var ho midt i ei småbarnsboble, med gut og jente på eitt og tre år. Sjølv trudde ho at viste godt nettvett, då ho la ut uskuldige bilete av barna. Ho skreiv om morosame episodar som skjedde i kvardagen, og kaoset som småbarnsmor.

– Eg syntest eg hadde skyhøg terskel for kva eg skreiv om. Det er jo det som er rart i ettertid, for allereie då var det prata om det med å eksponere barna, seier Johansen.

Angrande bloggar

I eit innlegg i Aftenposten fredag, står ho fram som den angrande bloggaren. Ho skriv at ho synest den manglande vurderingsevna si er pinleg. Ho posta innlegg om kvardagen i småbarnsfamilien både på bloggen og på Facebook. Det var først då Facebook byrja å minne folk på kva dei hadde lagt ut ein viss dato for til dømes 3 år sidan, at Johansen fekk sjokk.

– Eg fann bilete av barna mine i bleier og i badekaret. Eg fekk heilt bakoversveis, seier Johansen.

Ho hadde innbilt seg sjølv at ho ikkje var ei mor som la ut bilete av sjuke barn, bæsjebleiar og amming, men møtte seg sjølv i døra. I ettertid forstår ho ikkje kva ho har tenkt på.

Mariann Johansen

I dag har Mariann Johansen starta ny blogg som er mykje meir nøktern enn den gamle.

Foto: privat

LES OGSÅ:

Rett på privatliv

– No er dei 7 og 9 år gamle. Dei hadde klikka i dag, seier Johansen. Etter Facebooksjokket gjekk ho også gjennom den gamle bloggen sin og vart overraska over kor mykje ho utleverte av barna sitt kjensleliv. Dei hadde ingen moglegheit til å seie kva dei meinte om det ho skreiv.

– For meg handlar det om ein grunnleggande respekt for barnas rett til privatliv. Eg skal ikkje velje kva person dei skal vere i sosiale medium, seier Johansen.

Ho tok ei grundig opprydding i den gamle bloggen og starta ny blogg. Den nye er meir nøktern og illustrert med teikningar.

– Det eg og mange andre gløymer, er at desse barna skal bli vaksne og dei må ta omsyn til det eg har skrive. Eg har tatt val på vegner av dei, seier Johansen.