Rolf Anders Håberg, dagleg leiar i Busengdal AS, bekreftar at mannen som omkom i ei sprengingsulykke onsdag, jobba for dei.
Han beskriv det som ei tragisk ulykke.
– Vi tek ulykka svært alvorleg og vi er alle sterkt prega av det som har skjedd. Vårt fokus er no å ta vare på dei pårørande, våre tilsette og andre involverte.
Torsdag opplyste politiet i Møre og Romsdal at det var Jostein Petter Tårn (56) frå Liabygda i Stranda kommune som omkom i ulykka. Namnet var frigjort i samråd med dei pårørande.
Politiet i Møre og Romsdal frigjorde namnet på den omkomne i samråd med dei pårørande.
Foto: PrivatUklart kva som er årsaka
Det var klokka 09.57 onsdag at politiet fekk melding om ei alvorleg ulykke i næringsområdet Digerneset i Ålesund. Alle naudetatane rykte ut til staden.
Ulykka skjedde i samband med sprengingsarbeid.
Mannen som blei skadd i ulykka blei frigjort frå sprengingsmassane, men livet stod ikkje til å berge. Ingen andre blei fysisk skadd i ulykka.
– Vi har ikkje kjennskap til kva som er årsak til ulykka, og vi hjelper politiet, DSB, Arbeidstilsynet og andre for å få klarleik i korleis dette kunne skje, skriv Rolf Anders Håberg i ei pressemelding til NRK.
Han opplyser også at dei har stoppa sprengingsarbeidet i ein periode.
Var på synfaring
Både politiet, Arbeidstilsynet og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal etterforske saka.
Arbeidstilsynet var på staden torsdag og gjennomførte ei synfaring. Jan Petter Sæbø i Arbeidstilsynet seier at dei vil gjere fleire undersøkingar etter kvart.
Politiet blei ferdige med dei tekniske undersøkingane på staden onsdag, men seier det er for tidleg å seie noko om årsaka til ulykka.
Kriseteamet i Ålesund kommune er kopla på for å hjelpe dei som treng det.