Hopp til innhold

Ein person omkom i sprengingsulykke i Ålesund

Ein person er stadfesta omkomen etter ei sprengingsulykke på Digerneset i Ålesund.

Sprengingsulykke på Digerneset i Ålesund kommune. Politiet er på staden.

ULYKKE: Ulykka skjedde på Digernes næringspark i Ålesund.

Foto: Remi Sagen / NRK

Politiet fekk melding om ei alvorleg ulykke på Digerneset på Sunnmøre klokka 09.57.

Ein person omkom i ulykka og dei pårørande er varsla.

Politiet har sperra av staden. Åstaden har blitt sikra og det blir gjennomført teknisk og taktisk etterforsking for å finne kva som kan vere årsaka til ulukka, seier politiadvokat Lena Katrin Romestrand.

Oversiktsbilete av området der det var ei sprengingulukke på Digerneset i Ålesund

Ulykka skjedde på Digernes næringspark i Ålesund kommune.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fleire vitne

Personen som blei skadd i ulykka blei frigjort frå sprengingsmassane, men livet stod ikkje til å berge.

– Det er ikkje meldt om andre skadde, men det var fleire personar på staden då ulykka skjedde. Dei er prega og vi prøver å ta hand om dei. Dei vil etter kvart bli avhøyrt slik at vi kan finne ut kva som har skjedd, seier Eva Welle, operasjonsleiar i politiet.

Politiet i Møre og Romsdal melde først om ulykka klokka 10.14. Alle naudetatane og luftambulansen rykte ut til staden.

Skal etterforske ulykka

Politi frå kriminalteknisk avdeling er varsla og skal gjere undersøkingar på staden.

Det tekniske etterforskingsarbeidet på staden blei sett på vent inntil det er heilt bekrefta at det ikkje er ytterlegare sprengingsfare.

Eva Welle, innsatsleder i Møre og Romsdal politidistrikt.

Innsatsleiar i politiet, Eva Welle.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vi må vere sikre på at området er trygt å gå inn i før dette arbeidet kan starte, seier Welle.

Digerneset i Ålesund er eit forretning- og næringsområdet. Det har blitt utbygd mykje dei siste åra.

– Ulykka har skjedd i eit område der det både er bedrifter og det skal kome fleire, sa Jens Dahl, operasjonsleiar i politiet i 10.00.

Sprengingsulykke på Digerneset i Ålesund

Politiet skal etterforske ulykka.

Foto: Remi Sagen / NRK

Kriseteam er varsla

Kommunen sitt kriseteam er varsla for å hjelpe til med å ta vare på dei som er råka av ulykka.

Helge Veum, leiar for kommunens krisestab, bekreftar at kriseteamet til kommunen skal hjelpe helse og politi i saka.

Sprengingsulykke på Digernes i Ålesund. Likbil på staden.

Ein mann omkom i arbeidsulykka på Digerneset i Ålesund.

Foto: Remi Sagen / NRK