Hopp til innhold

Opplevde enorm respons då ho delte diagnosen sin på TikTok

Brikkene fall på plass då ho fekk diagnosen ADHD som 25 år gamal kvinne. Då ho fortalte om det på TikTok, fekk ho bakoversveis.

Lene Flataker fekk diagnosen ADHD som 25-åring.

ADHD: Det var tanta til Lene Flataker som gjorde henne merksam på at ho kanskje hadde ADHD.

Foto: Solveig Aksnes / NRK

– Tankekøyret flyg rundt i hovudet som ein orkan. Kanskje kan ein samanlikna det med at ein speler av fire songar samtidig, baklengs.

Slik forklarar Lene Flataker kva som kan gå føre seg i hovudet hennar. Ein indre uro som gjer at ho aldri klarer å slappe heilt av.

I 2019 sa tanta til Lene at ho burde sjekke om ho hadde ADHD. Og det hadde ho.

– Det er kanskje feil å seie det, men det var litt deilig at det skjedde. Det gir så mykje meining for kvifor eg er slik eg er, seier ho.

Lene er av den dagdrøymande og urolege typen. Då ho var yngre sleit ho med å passe inn, det var vanskeleg å konsentrere seg. Derfor skulle ho ønskje at ho fekk diagnosen tidlegare.

– Det ville ha hjelpt meg så mykje. Det er nærast eit under ta eg er ferdigutdanna no, men hyperfokuset slo inn på akkurat rett tidspunkt, seier Flataker lattermildt.

Fleire kvinner får diagnosen seint

Og ifølgje Folkehelseinstituttet er ikkje Lene åleine. I barneskulealder er det flest gutar som får diagnosen. Dette jamnar seg med åra.

– Kanskje jentene skravlar meir, er uroleg eller dagdrøymer mykje, då blir dei ikkje like fort oppdaga, seier forskar og avdelingsdirektør Heidi Aase i FHI.

Aase meiner trenden er på veg til å snu. Det er ein liten auke i talet på jenter som får diagnosen tidlegare no enn før. FHI har ikkje tilgang på nøyaktige tal, men dette er noko dei vil sjå meir på framover.

– Det kjem nok av at ein i større grad er merksame på at jenter kan ha ADHD, berre på ein anna måte. Før var hyperaktiviteten veldig sentral når ein snakka om ADHD, men no er det annleis, seier ho.

Aase peiker på at diagnosen gir ulike utslag.

Delte historia si på TikTok

Lene Flataker sakna å høyre om andre som var i same situasjon som henne då ho fekk diagnosen, og bestemte seg for å dele historia si på TikTok. Der har ho fått enorm respons. Videoane hennar er sett snart 200.000 gongar, og ho har fått fleire hundre kommentarar frå folk som kjenner seg igjen i det ho fortel.

– Heilt sinnssjukt, men eg trur dette viser at det er eit stort informasjonsbehov, spesielt når det gjeld ADHD blant jenter, seier ho.

ADHD: Lene Flataker fekk diagnosen ADHD når ho var 25 år.

OPEN: Lene ønskjer å få meir merksemd rundt ADHD.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Ho håper videoane på TikTok kan gi folk meir informasjon om diagnosen.

– Eg håper det skaper større aksept for ADHD. Eg vil vise at der er fleire typar enn den guten i klasserommet som aldri klarer å sitte stille, seier ho.

Må få meir kunnskap om diagnosen

Sjølv om pila peiker oppover, er det framleis kvinner som får diagnosen seint i livet. Det skaper utfordringar for fleire.

– Konsekvensane er at dei ikkje får den hjelpa dei treng. Dei opplever kanskje mange nederlag, og får dårleg sjølvtillit på sikt. Det er mange som kjem inn i spesialisthelsetenesta med både angst og depresjon, der ein ser at det kanskje er ADHD som er årsaka, seier Nina Holen i ADHD Noreg.

Ho fortel at det er ein del mytar og stigma rundt diagnosen. Holen ønskjer meir kunnskap.

– Ein må vite kva ein skal sjå etter, det er veldig viktig.

Mindre indre uro

Etter at Lene Flataker fekk diagnosen har ho lært å forstå seg sjølv på ein ny måte.

– No klarer eg å sortere tankespinnet, slik det er berre ein eller to songar som vert spelt av i hovudet. Den indre uroa er endra, no klarer eg faktisk å slappe litt av når eg kjenner at kroppen og hovudet treng det.

No jobbar ho som journalist Sunnmørsposten, og seier sjølv ho elskar det ho driv med.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL