Dei fire frå Måndalen som omkom i bilulykka i Tresfjorden søndag var:
Gunnar Sæbø, 18 år
Yvonne Vold Moen, 17 år
Marius Vold Moen, 16 år
Anja Marlen Hartviksen, 17 år
Kyrkja open for sørgjande
Voll kyrkje blei opna i formiddag slik at alle som ønskjer ei stille stund kan komme inn. Kyrkja blir open til klokka 22 i kveld.
Solveig Ulseth Vold og Paul Magne Venås pynter med lys i Voll kyrkje i Måndalen. Foto: Gunnar Sandvik
Tysdag kveld klokka 19 skal det haldast ei sørgjegudsteneste i samband med ulykka som har råka bygda. Etterpå blir det ei samling på Måndalen skule for dei som ønskjer det.
Også Rauma videregående skole er open for elevar og andre som vil delta frå klokka 11 tysdag formiddag. Lærarar ved skulen skal vere til stades, seier rektor Lars Ramstad.
Måndalen skule har vinterferie, men dei lærararene som er til stades har møte i dag for å avgjere kva skulen skal gjere i dagane som kjem. Den yngste av dei omkomne var elev ved skulen.
Levande lys
Måndalen skule opna dørene litt før klokka 19 søndag kveld slik at folk kunne møtast og dele sorga med kvarandre. Mellom 80 og 100 menneske var innom i løpet av kvelden. Dei tende levande lys og snakka eller tagde saman.
Voll kyrkje opna også dørene søndag kveld, og mange måndalingar oppsøkte kyrkja for å ha ei stund med tende lys og stille sorg.
Krisegruppa
Sidan det er vinterferie og fleire var bortreiste, tok det litt tid å få samla krisegruppa i Rauma søndag kveld. Dei fekk likevel samla nok folk slik at dei greidde å ta hand om familiane til dei omkomne og andre som hadde behov for hjelp og støtte. Det vart oppretta eit støttesenter for dei pårørande ved skulen.Ein kjenner seg liten i slike situasjonar, seier leiaren i krisegruppa, kommunelege Jon Sverre Aursand.
Blomster og lys i vegkanten ved ulukkestaden på Hoemstranda mellom Daugstad og Tresfjord. Foto: Gunnar Sandvik