Hopp til innhold

Vil ha Søre Sunnmøre som ein kommune

Magne Løvoll (74) frå Vanylven vil samle heile Søre Sunnmøre i ein kommune. Han bryt dermed med gjengs senterpartipolitikk.

Magne Løvoll

Magne Løvoll (74) vil samle dei sju kommunane på Søre Sunnmøre til eitt rike.

Foto: Trond Vestre / NRK

Den 74 år gamle politikaren frå Vanylven er ikkje den einaste som har tatt til orde for det som er det mest radikale forslaget: å samle dei sju kommunane på Søre Sunnmøre til eitt. Men Magne Løvoll representerer det partiet som er klart mest kritisk til kommunereforma i Stortinget, Senterpartiet.

– Eg står på det eg har sagt, og har tru på det, og den kommunen eg representerer (Vanylven, red.anmk) har innbyggjarane i ryggen, og då syns eg det er greitt å fronte det, seier Magne Løvoll.

Les også:

Møte mellom Ulstein og Vanylven

Vanylven kommune. Kommunegrenser påtegnet av NIVI.

Dagens Vanylven blir for smått, meiner innbyggjarane. Politikarane ser både nordover og sørover.

Foto: NIVI

Vanylven kommune kalla tysdag inn til møte for å diskutere ei felles framtid på Søre Sunnmøre. Innbyggjarundersøkinga viser at folk i Vanylven er svært positive til kommunesamanslåing. Mange kjenner seg som sunnmøringar.

– De er proaktive og framoverlente, og det er viktig, sa ordføraren i Ulstein, Jan Berset (H), som roste initiativet frå Vanylven.

Les også:

Vil tenkje stort

Magne Løvoll var ein av dei som var med på møtet, og han er også ein av dei som er mest positive. Dermed er han kanskje ikkje som senterparti-politikarar flest. 74-åringen meiner det er viktig å tenkje stort i arbeidet med kommunereforma.

– Mi erfaring som politikar er at vi må tenkje framover og tenkje nytt, det vil tene oss på sikt, seier veteranen.

Tid for endring

Løvoll meiner tida har endra seg, og at det er på tide å gjere noko med dagens kommunegrenser.

– Tida har endra seg i positiv lei, både når det gjeld til dømes internett og vegutbyggingar, og tida er komen for at vi må tenkje litt annleis enn vi gjorde før, seier Løvoll.

– Det blir ein robust og god kommune, handterleg, syns eg, seier han.

Formannskapet i Vanylven

Politikarane i Vanylven var nysgjerrige på kva signal politikarane i Ulstein ville gje under møtet tysdag.

Foto: Trond Vestre / NRK