Hopp til innhold

Må truleg rydde opp i gamal forureining

Fleire verft må truleg rydde opp i gamal forureining. Denne gongen har miljøvernavdelinga hos fylkesmannen kasta augene sine på det nedlagde Hjørungavåg-verftet, Ulstein verft og Vard-verfta i Brattvåg og på Søkvikneset i Haram.

Hjørungavåg verft

Eigarane av det gamle verftsområdet i Hjørungavåg er blant dei som har fått krav frå miljøvernavdelinga hos fylkesmannen i det siste.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ei rekkje gonger har miljøvernstyresmaktene kravd at verft må rydde opp både på sjøbotnen og i fyllingar ved bedriftene. Eit av dei mest omfattande prosjekta er ved Fiskerstrand verft i Sula, der forureina sjøbotn for fleire år sidan blei kapsla inn med biokalk og aktivt kol.

Framleis har miljøvernavdelinga mistanke om at det kan ligge forureina materiale ved skipsverfta, blant anna frå botnstoff. I Hjørungavåg i Hareid ligg det eit nedlagd skipsverft. Bygningane i området er eigd av Sævik-familien og er utleigd til Rolls-Royce.

Vegard Sævik i OHI Eiendom seier at dei ikkje tenkte så mykje på eventuell forureining då dei kjøpte eigedomen.

Nei vi tenkte ikkje så mykje på det då. I verste fall kan dette bli omfattande. Men vi prøver no å gjere tiltak og så får vi sjå om dei tiltaka er gode nok, seier Vegard Sævik.

Vegard Sævik

Vegard Sævik i OHI Eiendom seier at dei vil setje i verk tiltak slik at forureininga ikkje skal hamne i sjøen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ved verftet i Hjørungavåg er det allereie påvist forureininga materiale i eit område der det er dumpa avfall. No vil fylkesmannen ha ei vurdering av kor stor faren er for at forureininga skal spreie seg til sjøen.

Det er uheldig med forureining. Vi vil sjå på brevet som er kome frå miljøvernavdelinga og vurdere om det er naudsynt å stoppe forureininga, seier Sævik.

Ved Vard-verfta på Søvikneset og i Brattvåg i Haram har Multiconsult alt slått fast at der er forureina materiale som kan bli spreidd til andre område. Her har miljøvernavdelinga gjeve pålegg om tiltak.

Desse massane ligg utan fast dekke over, og skal vere relativt lett tilgjengelege for fjerning, opplyser Thomas Aurdal hos Fylkesmannen til NRK.

Ved Ulstein verft må det fjernast forureina overflatemasse i eit mindre område sentralt på verftet. Her har tidlegare undersøkingar vist at området er sterkt forureina.

Verftet har høve til å dokumentere eventuelle tiltak som er gjort mot denne forureininga sidan undersøkingane blei gjort. Men etter det vi kjenner til er det ikkje gjort noko, seier Thomas Aurdal.

Verfta har frist på seg til månadsskiftet januar/februar med å svare på krava frå fylkesmannen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL