Hopp til innhold

– Enkelte drosjesjåførar har ikkje eit einaste oppdrag i helgene

Drosjenæringa er rasande på piratkøyringa som går føre seg i helgane. Sjøholt taxi har ikkje lengre råd til å halde helgeope.

Armin Delalic

Armin Delalic har søkt fylkeskommunen om å få sleppe å køyre drosje i helgane, fordi det er så ulønsamt.

Foto: privat

Det er 17 år sidan Armin Delalic starta å køyre drosje i Ørskog på Sunnmøre. Også den gong var pirattaxi eit kjent fenomen, men no er det så utbreitt at drosjeeigaren ikkje tener pengar i helgene. Unge sjåførar stiller seg utanfor samfunnshuset og tar på passasjerar, og seier det er kompiskøyring.

– Eg må jobbe alle helgar sjølv, for det løner seg ikkje å leige inn andre sjåførar. Vi kan ta inn 1000 kroner på ei 48 timars vakt, seier Delalic.

Han og kollegaen har bestemt seg for at dei ikkje lenger vil ha helgeberedskap, skriv Bygdebladet. Frå 1. april er det slutt. Dei har sendt brev til fylkeskommunen, der dei ber om å få ha redusert opningstid og dermed ikkje køyre drosje i helgene.

LES OGSÅ:

Brukar Facebook

Per-Morten Bjørlykke

Per-Morten Bjørlykke seier at privattaxiar er eit problem i heile landet.

Foto: privat

– Det er katastrofe både for publikum og drosjenæringa at vi ikkje greier å få bukt med pirattaxiane, seier Per-Morten Bjørlykke. Han er fylkesleiar i Norges Taxiforbund.

No vil han «kompiskøyringa» til livs. Kvar helg er drosjesjåførane vitne til at privatpersonar stiller seg opp utanfor utestader og plukkar opp folk som skal heim frå fest. Bjørlykke meiner at turane er organisert gjennom facebookgrupper, der sjåførane legg ut bilete av både seg sjølv og bilen.

Pris, tidspunkt og stad vert avtalt på førehand. Facebookgruppa Sjåfør på Sunnmøre har 1268 medlemmar og der skriv sjåførane tidspunkt for når dei er ledige for køyreoppdrag.

Svein Harsjøen

Politiførstebetent Svein Harsjøen seier at dei er uroa for pirattaxiverksemda.

Ingen turar i helga

– Dei konkurrerer ut drosjene. Enkelte drosjesjåførar kan vere i beredskap ei heil helg utan eit einaste oppdrag, seier Bjørlykke.

Andre kan oppleve å tene berre hundrelappar på ei helg.

Bjørlykke kjenner til at drosjeselskap i heile landet slit med det same og seier at det er i distrikta det er verst. Der er det lite politi som held oppsyn med det som skjer. Mange drosjeselskap har minimal bemanning i helgene fordi grunnlaget er så lite.

Armin Delalic

Armin Delalic meiner politiet bør sjekke facebookgrupper der private avtalar køyring og henting mot betaling.

Foto: privat

Vanskeleg å avdekke

Svein Harsjøen, politiførstebetent ved ordensseksjonen på Ålesund politistasjon, seier at dei ser alvorleg på piratkøyring.

– Det er ikkje lov å køyre mot betaling og passasjerane kan ikkje vere sikre på at dei kjem seg heim på ein trygg måte, seier Harsjøen. Han seier at politiet har eit godt samarbeid med drosjenæringa og får ofte tips om pirattaxiar. Likevel kan det vere vanskeleg å avdekke.

– Det er ikkje ulovleg å køyre ein kompis heim. Problemet er når du køyrer kven som helst heim mot betaling, seier Harsjøen.

Han seier at dei oftast har sine ressursar i byen natt til laurdag og søndag, og at det difor er vanskelegare å avdekke pirattaxiverksemd på bygdene.

Politiet bør sjekke Facebook

Og akkurat det at det er lite politiressursar i distrikts-Noreg har Armin Delalic fått erfare. Han har fleire gongar varsla politiet om bilar som driv piratverksemd. Likevel skjer det ingenting. Drosjeeigaren meiner politiet burde fylgje med på facebookgruppene, der folk avtalar henting og prisar og utvekslar telefonnummer.

– Enkelte kallar det kompiskøyring, men då er det rart at du ikkje har telefonnummeret til kompisen din. Eg kallar det piratkøyring, seier Delalic.