Hopp til innhold

– Eg forstår ikkje at folk tør å sette seg inn i ein pirattaxi

Det vrimlar av pirattaxiar i desember og drosjenæringa er fortvila.

– Vi ser at familiebilar med barnesete i, køyrer rundt som pirattaxi på kveldstid, seier Knut Jektvik i Kristiansund Taxi.

Pirattaxi

Julebordsesongen betyr gode tider for pirattaxiane. Drosjenæringa er uroa.

Foto: Nils Fredrik Røren / NRK

John Breivik

John Breivik er dagleg leiar i Ålesund Taxi og han forstår ikkje at folk torer å bruke pirattaxi heim frå fest.

Foto: privat

Julebordsesongen er høgsesong for pirattaxiane. Mange skal heim frå festen samstundes og orkar ikkje den lange drosjekøen. Dei set seg i staden inn i ein pirattaxi. Det bekymrar John Breivik, som er dagleg leiar i Ålesund Taxi.

– Du har ingen garanti for at føraren har førarkort, at han er edru og at bilen er godkjent, seier Breivik.

Barnesete på dagtid

I drosjeforeininga i Møre og Romsdal har pirattaxiane vore eit tema. Problemet er stort problem både i bygd og by. Også i Kristiansund opplever dei at privatbilar tar på seg taxioppdrag.

– Vi ser at bilar med barnesete i på dagtid, plutseleg køyrer pirattaxi på kveldstid, seier Knut Jektvik. Han er dagleg leiar i Kristiansund Taxi. Han trur også at det er ein del ungdomar som tener gode pengar på å køyre ulovleg drosje.

Sjåførane samarbeider

Knut Magne Jektvik

Knut Jektvik i Kristiansund Taxi vil tippe på at det er rundt 20 pirattaxiar i byen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Jektvik vil tippe på at det er rundt 20 bilar i Kristiansund som fast køyrer pirattaxi og det er dei same bilane som går att. Han opplever at pirattaxiverksemda har blitt meir organisert dei siste åra, og at sjåførane samarbeider.

– Eg synest det er rart at folk tør å sette seg inn i desse bilane, med tanke på episodar andre stader i landet der det har skjedd voldteker og ran i pirattaxiar, seier Jektvik.

Lettvint løysing

I Ålesund er det 75 drosjer fordelt på to drosjeselskap. Det betyr at rundt stengetid på restaurantane, vert det venting for å kome seg heim.

– Eg forstår at det er ei lettvint løysing for folk som vil fort heim, men eg hadde aldri turt å gjere det sjølv, seier Breivik.

Han høyrer at folk har måtte betalt tusen kroner for ein tur på fire kilometer i pirattaxi.

Taper de pengar på at det vert færre oppdrag?

–I utgangspunktet er det ikkje økonomien som er det vesentlege her. Men vi har rammevilkår som gjer at det er dyrt å drive drosje. Likevel kjem andre inn og skummar fløyten i denne sesongen utan å måtte oppfylle dei krava vi må, seier Breivik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL