Hopp til innhold

Må kutte i skule og samferdsel

Fylkeskommunen må spare 250 millionar kroner i neste økonomiplanperiode. Det betyr at utdanning må kutte 100 millionar kroner og samferdsel 100 millionar, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik. Resten vert fordelt på andre sektorar. Han presiserer at sjølv om administrasjonen foreslår å utsette anbodskonkurransen for Nordøyvegen, er ikkje dette eit nei til prosjektet. Han seier at prosjektet må gjennomgåast på nytt. – Vi må redusere kostnader og sjå om vi kan dele opp prosjektet, seier Guttelvik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL