Hopp til innhold

Må betale tilbake 1,2 millionar for å ha selt «rottehus»

Ein huseigar i Kristiansund og forsikringsselskapet hans er dømde til å betale tilbake over 1,2 millionar kroner for å ha selt eit «rottehus» i Kristiansund. Retten nektar å tru at mannen verken såg eller høyrde dei mange udyra.

Dom nordmøre tingrett

I dommen går det fram at retten ikkje festa lit til huseigaren si forklaring om at han ikkje hadde sett eller høyrt rotter då han budde i huset.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Huseigaren som i fjor vår selde huset sitt for vel 2,5 millionar kroner, sit no sjølv igjen med ei stor rekning. For retten nektar å tru at mannen ikkje kjende til dei omfattande rotteplagene i huset.

Dermed må mannen og forsikringsselskapet hans betale til saman over 1,2 millionar kroner i prisavslag, erstatning og sakskostnader. Det slår Nordmøre tingrett fast.

– Fornøgde med dommen

Kristin Sundby

Advokatfullmektig Kristin Sundby i Help Forsikring seier dei er fornøgde og ikkje ønskjer å anke.

Foto: Help Forsikring

Sambuarparet som tok over huset for eitt år sidan er fornøgde med dommen, men vil ikkje la seg intervjue av NRK.

– Vi er fornøgde og ønskjer ikkje å anke, seier advokatfullmektig Kristin Sundby i Help Forsikring.

Fann store mengder avføring og urin frå rotter

Det var ikkje noko lysteleg syn eller lukt som møtte skadedyrekspertane som kom til huset rett etter overtakinga. I husveggane fann dei ifølgje dommen «veldig store mengder avføring og urin frå rotter», «omfattande mengder av avføring frå rotter», «skarp lukt fleire stader i bustaden og synlege gonger i isolasjon samt mykje avføring». (Utdrag frå tre ulike rapportar)

– Eg såg sjølv både rottebol og ekskrement, og kjende lukt, seier Sundby.

Hermetikkboks brukt til elektrisk installasjon

Huseigarane fekk også mistanke om at ikkje alt var i orden med det elektriske anlegget, og bestilte inspeksjon frå Nordmøre Energiverk. Han avdekte at det var fleire feil og manglar. I taket fann kontrollørane at det var brukt både ein hermetikkboks, ei grillform og ei blomsterpotte, i staden for ordinære «spotkasser» til spotlights.

Oppdaga feila under oppussing

Skadane kom for ein dag då sambuarparet som kjøpte huset, skulle til å pusse opp. Då oppdaga dei både rotteproblema, i tillegg til feil ved det elektriske anlegget, eternitt-plater som var lagra under ein terrasse, og lekkasje i ei bod. Dette førte til at dei ikkje kunne flytte inn i huset som planlagt, og at dei har leigd hus det siste året.

Blei ikkje trudd i retten

Nordmøre tingrett festar inga lit til mannen si forklaring om at han aldri har sett eller høyrt rottene. I eigenerklæringsskjemaet selgaren la ved har han kryssa nei på om han kjende til at det har vore skadedyr i huset, og nei på at han visste om ufaglærte hadde gjort arbeid på det elektriske anlegget.

– Retten peiker på at rotteaktiviteten utvilsamt har vore til stades i store deler av eigedommen og har i tillegg pågått over tid, heiter det i dommen. Her blir det også vist til at den tidlegare huseigaren sjølv plasserte ut rottefeller fleire stader i huset.

– Bevisst risiko

I retten foreslo huseigaren og forsikringsselskapet, Protector Forsikring ASA, å betale maksimalt 750 000 kroner, og bli ferdige med saka. Dei viste til at dei nye eigarane hadde tatt ein bevisst risiko ved å kjøpe ein eigedom med krypkjellar i eit område med rotter.

Må ut med 1,2 millionar

No må huseigaren og forsikringsselskapet ut med over 1,2 millionar kroner – hovudsakleg for rotteplagene. Over 800 000 kroner er prisavslag på huset, resten er erstatning og sakskostnader. Dei nye huseigarane har ikkje fått medhald i at det elektriske anlegget var i vesentleg dårlegare stand enn venta, eller at det var lekkasje på ei bod, som dei også hadde klaga på.

Kan truleg flytte inn til hausten

Ifølgje advokaten til sambuarparet, kan barnefamilien truleg flytte inn til hausten, halvanna år etter overtakinga. Då skal skadane vere utbetra, ifølgje takstmennene som har vurdert skaden.

Den tidlegare huseigaren seier til NRK at han førebels ikkje kjenner innhaldet i dommen, og at han difor ikkje kan kommentere avgjerda.

Ueinige om bevis

Advokaten i forsikringsselskapet, Tommy Ravndal, seier at dette har vore ein sak der partane har vore ueinige om vurderinga av bevisa.

– Ingen av partane har fått fullt medhald, og vi kjem til å ta retten si vurdering til etterretning. Vi kjem til å gjere ei intern vurdering av ei eventuell anke på delar av dommen, seier Ravndal.