Hopp til innhold

Lovar første spadetak i oktober

I 2023 skal Nordøyvegen stå ferdig. Etter fleire tiårs kamp vedtok Stortinget i natt dette store vegprosjektet som skal bitte øyane i Haram og Harøy i Sandøy til fastlandet. Og første spadetak blir tatt i oktober.

Portrett av kvinne

Prosjektleiar Marianne Nærø har alt lyst ut dei fire første kontraktane i samband med Nordøyvegen.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Stortingsvedtaket var ikkje mange timane gammalt før Vegvesenet slo fast at no blir dei førebuande kontraktane lyste ut.

– I dag har vi trykt på start knappen for alvor, så dette er ein merkedag for oss, seier prosjektleiar Marianne Nærø.

Ein merkedag er det nok også for dei mange som har kjempa fram vedtaket. Også for dei som kan få arbeidet sitt på staden dei neste fem åra reknar nok dette som ein merkedag. For dette er det største vegutbyggingsprosjektet fylkeskommunen nokon gong har initiert.

Interesse frå inn- og utland

Nordøyvegen

Det er stor interesse frå inn- og utland for å få vere med på arbeidet med å bygge Harøy og øyane i Haram til fastlandet.

Foto: Nordøyvegen (illustrasjon)

– Interessa for prosjektet er imponerande stort. Sjølvsagt ute på øyane, men også frå store entreprenørar. Både nasjonale- og internasjonale aktørar har venta på at kontraktene skal bli lyste ut.

Det er bra for utbyggaren, for det kan gjere det lettare å unngå kostnadssprekk. Prosjektet er kostnadsrekna til 3,8 milliardar kroner, og er vanta å gi store ringverknader i fylket i byggeperioden.

– Vi skal lyse ut nokre store kontraktar, men vi håpar på gode prisar, seier prosjektleiaren.

Første spadetak i oktober

– No startar vi først litt førebuande arbeid som går på veg- og riggområdet. Ikkje minst skal vi klargjere fjellet, slik at ein kan byrje å bygge tunnel der neste år.

Forkjemparane og dei som bur på øyane har blitt skuffa mang ein gong før. Projektet har møtt motbør og har dratt ut i tid. Dei har difor ikkje tatt noko for gitt før endeleg vedtak blei gjort i natt. Det einaste dei ventar på no er at dei kan sjå at det fysiske arbeidet har starta.

– Gravemaskinene kjem i oktober, og første spadetak blir tatt då, lovar Marianne Nærø.

Stortinget

I natt blei Nordøyvegen debatert - og vedtatt. No ventar forkjemparane berre på første spadetak.

Foto: Trond Vestre / NRK