NRK Meny
Normal

Skal vinne Vestlandet med næringspolitikk

40.000 nye arbeidsplassar på Vestlandet er målet til Arbeiderpartiet. I dag er statsminister Jens Stoltenberg på rundtur i alle dei fire vestlandsfylka.

Video Stoltenberg besøker Møre og Romsdal

VIDEO: Statsminister Jens Stoltenberg var på besøk hos Sperre Industri på Ellingsøy i dag.

Statsministeren Jens Stoltenberg og næringsminister Trond Giske gjennomfører i dag eit maratonløp i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, saman med partiet sine fylkesordførarkandidatar.

Vellukka bedrift

Første stopp på rundreisa var ved Sperre Industri på Ellingsøy i Ålesund. Verksemda med 82 tilsette og ei omsetning på 309 millionar kroner, lagar pumpesystem for den maritime industrien.

40.000 nye arbeidsplassar

Og i det nye næringsprogrammet for Vestlandet, er målet til Arbeiderpartiet å skape 40.000 nye arbeidsplassar innan 2016.

-Arbeiderpartiet er det største partiet på Vestlandet, men vi ynskjer å verte endå større fordi det er ein viktig region, seier Stoltenberg.

Statsministerbesøk ved Sperre Industrier
Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

Dei siste seks åra er det ifølgje partiet skapt 60.000 nye arbeidsplassar på Vestlandet. 70–80 prosent av dette er i privat sektor.

Statsministeren var imponert

Stoltenberg vart synleg imponert over det han såg på Sperre Industri.

-Dette er ei bedrift, som er i knallhard internasjonal konkurranse og lukkast likevel, sa Jens Stoltenberg, då han fekk omvising.

Jens Stoltenberg

Arbeiderpartiet vil legge til rette for 40.000 nye arbeidsplassar på Vestlandet dei neste fem åra.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Kvart femte skip i verda har produkt frå Sperre industri og 90 prosent av produksjonen vert eksportert til utlandet.

For Stoltenberg er det viktig å kome ut i industrien og sjå kva som skjer der.

Må ut av kontoret

-Det er ikkje mogleg å site på eit kontor i Oslo og skjøne kva som skal til for å sikre norske arbeidsplassar, sa Stoltenberg.

Det nye næringsprogrammet inneheld 12 satsingsområde, som tar for seg både ferjefri stamveg, fornybar energi og utvikling av kompetanse. Det er fylkeslaga frå Vestlandet som står bak.

Sjå programmet her: Næringsløftet i vest

Ingenting om formuesskatt

Men formuesskatt, som har vore ei kampsak for eksportnæring, står det ikkje eitt ord om i programmet.

-Eg aksepterer at mange bedrifter er opptekne av det, men vi meiner at det å investere i samferdsel og fjerne revisjonsplikten, vil gi mange milliardar kroner i innsparingar, seier Stoltenberg.