Hopp til innhold

- Vår politikk sikrar arbeidsplassane

I vakkert vårver, berre nokre få mil frå farfar-garden, feira næringsminister Trond Giske arbeidarane sin internasjonale friheitsdag, 1.mai i dag. Det er sjeldan vårsola har varma så godt på den første mai-dagen i Ålesund.

Trond Giske

Trond Giske heldt 1.mai-talen i Ålesund. Han brukte dagen til å fortelje lyttarane sine at regjeringa har gjort mykje godt for arbeidsplassane i Møre og Romsdal.

Foto: Malin Korsnes / NRK

Trond Giske er ikkje i tvil om at det framleis er behov for å markere denne dagen, og han er heller ikkje i tvil om at venstresida i norsk politikk har hovudansvaret for mykje av velstanden i Noreg i dag. Han viser også til kampar i utlandet for å vise kor viktig 1.mai er.

1. mai Ålesund

Det var møtt fram om lag 100 personar som høyrde talen til Trond Giske.

Foto: Malin Korsnes / NRK

1.mai Ålesund

1.mai-arrangementet i Ålesund var i år lagt til Dronning Sonjas plass.

Foto: Malin Korsnes / NRK
1.mai Ålesund

Også i år var det hornmusikk i 1.mai-toget.

Foto: Malin Korsnes / NRK
– Verdiar vi tek for gitt må andre kjempe for. Vi ser korleis folk ved grensa til Europa, i Tunisia, Egypt, Yemen og i Syria må kjempe for demokrati og ytringsfridom. Dei kjempar for saker det tok hundreår å kjempe fram i Noreg. Vi treng 1.mai, både som ei feiring av sigrane vi har vunne, og som ei påminning om at kampane ikkje er vunne ein gong for alle, sa Trond Giske.

– Regjeringa har lagt til rette

Trond Giske er næringsminister, og han er oppteken av den maritime industrien, og utviklinga av marin miljøteknologi. Han meiner at regjeringa må ta mykje av æra for at industrien berga seg gjennom dei økonomiske vanskane i samband med finanskrisa.

– Korleis hadde den nasjonale næringspolitikken sett ut om høgrekreftene hadde fått gjennomslag for det som står i programmet deira? Dei står på at ein ikkje skal legge til rette for bestemte næringar. Dei står for den såkalla næringsnøytrale politikken. Korleis hadde det då sett ut i Møre og Romsdal, som har 50% av den maritime verdiskapinga i Noreg, spurte Giske retorisk.

– Vi sørgjer for verdiskapinga

Trond Giske heldt fram med ei rekkje retoriske spørsmål, for å vise at den raudgrøne regjeringa har gjennomført ein politikk som er særs viktig i Møre og Romsdal. Då handlar det både om skattepolitikken og om støtteordningar til den maritime industrien.

– Korleis hadde det sett ut her om vi ikkje hadde hatt ei spesiell skattlegging av reiarlaga? Dersom vi ikkje hadde hatt verftspakken? Dersom vi ikkje hadde hatt maritime inkubatorar? Dersom vi ikkje hadde hatt nettolønsordninga som Høgre vil fjerne? Kor mange sjøfolk hadde vi hatt ved kysten, og ikkje minst i Møre og Romsdal, om den var borte, spurte Giske.

– Det er vår politikk som sørgjer for verdiskapinga, det er vår politikk som spelar på lag med bedriftene i Møre og Romsdal, sa Giske.

– Skal syte for nok straum

Trond Giske la stor vekt på rammebetingelsane for industrien i Møre og Romsdal. Tilgangen på nok elektrisk kraft er og blir eit viktig tema i denne samanhengen.

– Dei maritime næringane står sterkt her i området. Og dette skal vi byggje opp under. Vi skal sørgje for rammebetingelsane. Det skal bli nok kraft til regionen. Vi har gitt Statkraft kapital, slik at dei kan investere 80 milliardar kroner ekstra, sa Giske.

– Vi har sørga for grøne sertifikat. Vi har sørga for garantikontraktar for kraftkrevjande industri. Dermed blir det full aktivitet på aluminiumsverket på Sunndalsøra igjen. Igjen er det vi som har lagt til rette for arbeidsplassane, sa han i talen sin på Dronning Sonjas plass.

Finanskrisa

Noreg kom godt ut av finanskrisa samanlikna med dei fleste andre land. Og Trond Giske meiner at mykje av årsaka ligg i politikken som den raudgrøne regjeringa har ført overfor næringslivet.

– Vi innførte ein verftspakke i fjor, då det såg ut til at ordrebøkene var i ferd med å gå tome. Verftsnæringa trengte ei handsrekning frå det offentlege. Vi sørga for mange millardar med auka garantiar, til innovasjon, forsking og omstilling. Vi sørga for at verfta skulle få kome gjennom krisa, sa Trond Giske, før han reiste vidare for å markere jubileet til Molde arbeidarparti som er 100 år.