Hopp til innhold

Måtte kaste sjokoladen i frykt for salmonella – då tok ein ukjend givar affære

Ein ukjend mann klarte ikkje å sitte stille då han las om Leni (7) som nyleg måtte kaste all sjokolade ho hadde fått. I dag blei sorg snudd til glede.

Jente står foran sjokoladehylle på matbutikk med et gavekort i hendene

UKJEND GIVAR: Dette gåvekortet venta på Leni i den lokale matbutikken hennar. Det kom frå ein anonym givar.

Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK

I førre veke skreiv NRK om Leni som hadde fått sjokolade som var kasta på grunn av frykt for salmonella. Då ein anonym far ein annan stad i landet las saka, ringde han rett til sjefen på lokalbutikken til Leni. Han bad henne om å ordne eit gåvekort til den vesle jenta, og vipsa 600 kroner.

Eg blei veldig rørt då eg leste om henne. Det var eit pappahjarte som rett og slett gjekk litt amok, seier mannen.

Han synest det var vondt å lese om den vesle jenta som hadde fått sjokolade ho kunne blitt dårleg av.

Saka er heilt forferdeleg! Tenk kor sjuk ho kunne blitt, seier han.

bilde av gåvekort leni

Leni viste stolt fram gåvekortet sitt då NRK møtte henne i butikken.

Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK

Sjokolade frå søpla

Det var på veg heim frå butikken Leni møtte to engelsktalande kvinner som spurte om ho ville ha godteri. Strålande fornøgd kom ho heim med 18 sjokoladeegg. Men mamma Marita Orvik ante uråd.

Ho sprang ned på butikken for å høyre om dei visste noko om dette, og det viste seg at sjokoladen var kasta på grunn av frykt for salmonellabakteriar.

Leni Orvik Otting

Leni måtte kaste alle 18 sjokolade-egga. Som trøyst fekk ho knuse dei og hente ut leikene som var inni.

Foto: privat

Nyrik i godterihylla

I dag var Leni tilbake på lokalbutikken i Midsund, 600 kroner rikare. Hundre kroner per trepakning med sjokoladeegg ho hadde fått frå søpla, og ikkje kunne ete.

Ho må berre kjøpe så mykje snop ho vil, det fortener ho, seier den anonyme givaren.

Leni og mora veit heller ikkje kven pengane kom ifrå.

– Eg vart veldig overraska. Men det er jo utruleg koseleg at det rørte ved nokon så mykje at dei ville gje pengar til henne. Det må jo vere ein veldig godhjarta person, seier mamma Marita.

Mor og datter står foran sjokoladehylle på matbutikk

Både Leni og mamma Marita vil takke mannen for pengane. – Han var veldig snill, seier Leni.

Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK

Gåve til oldemor

Men sjuåringen har ikkje planar om å brenne av heile gåvekortet på godteri. I staden vil ho blant anna kjøpe målarutstyr, slik at ho kan lage noko fint til oldemor.

– Oldemora mi har bursdag på laurdag og vi skal besøke henne i helga. Så eg vil kjøpe noko til henne.

Skal du ikkje bruke noko av pengane på deg sjølv?

Kanskje litt, då, seier Leni. Ho er mest glad i Love Hearts og Hubba Bubba.

Jente strekker hånden ut for å ta en sjokolade fra godterihylla på en matbutikk

Hittil har Leni berre brukt 11 kroner av gåvekortet. Dei gjekk til ein liten sjokolade av typen Kinder Maxi. Det blir kanskje ikkje Kinderegg igjen med det første, vedgår ho.

Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK