Hopp til innhold

Foreldre protesterer - vil bygge «rus-bustadar» ved barnehage

– Plasseringa er kanskje den verste som kunne blitt foreslått, seier nabo.

Barnehage på tur i skogen

OMSORGSBUSTADAR: I skogen nokre hundre meter unna barnehagen vil kommunen bygge bustadane.

Foto: Henning Levold / NRK

– Bustadane kjem like der nede, seier Ingjard Sandhei og peiker frå reguleringskartet til skogen.

Rundt han leikar barn frå barnehagen like ved.

– I verste fall er vi redd det kan gå utover liv og helse eller at barn skal bli vitne til vald eller andre ubehagelege hendingar.

Sandhei er talsperson og leiar for arbeidsgruppa som arbeider mot bygginga av ROP-bustadar på Sveberg i Malvik kommune.

Han og andre naboar reagerer på at kommunen vil bygge bustadane nokre hundre meter unna barnehage, skule og idrettshall.

Ingjard Sandhei og Karen Bårje ser på reguleringsplaner

Ingjard Sandhei og styreleiar i Sveberg barnehage, Karen Bårje, meiner ROP-bustadane blir bygd for nære skule, barnehage og idrettshall.

Foto: Henning Levold / NRK

Les også Marius har ikke noe sted å bo – må ofte sove på gulvet i parkeringshus

Marius Rønning ser inn i kamera med en alvorlig mine. Han har på seg en grå hettegenser med en blå boblevest over.

Redd for ubehagelege situasjonar

Sandhei fryktar det kan oppstå situasjonar som kan vere farleg eller ubehageleg for barna i området.

– Plasseringa er kanskje den verste som kunne blitt foreslått.

Gjennom ei gruppe på Facebook har foreldre og andre bebuarar på Sveberg organisert motstand mot utbyggingsplanane. Gruppa har over 930 medlem.

– Dette er ein gruppe som treng fred og ro. Den psykiske tilstanden deira kan gå opp og ned og nokon kan vere ustabile.

Barn frå Sveberg barnehage leiker i skogen

Barnehagen brukar den vesle skogen flittig. Det er dei redd det blir slutt på dersom ROP-bustadane blir bygd.

Foto: Henning Levold / NRK

– Da trur vi det er lite klokt å busette dei på same plass som mange barn ferdast aleine.

Sjølv om ikkje heile skogen vil bli nedbygd dersom prosjektet blir realisert, er motstandarane redd det ikkje lenger vil vere eit yndet turområde for barnehagen.

– Vi er redd det vil vere fare for at barna møter rusa personar eller brukte sprøytespissar i turområda, seier Christian Sæter Guldbrandsen, forelder og medlem i samarbeidsrådet i barnehagen.

Han trur risikoen for dette vil gjere at barnehagen ikkje lenger tar skogen i bruk.

– Det er trist. Ungane snakkar mykje om turane dei går i skogen.

Ingjard Sandhei

På Facebook har foreldre og naboar organisert motstand mot byggeplanane. Facebookgruppa har over 930 medlem.

Foto: Henning Levold / NRK

«Not in my back yard»

Melina Røe fortel at liknande konfliktar mellom kommunar og bekymra naboar har blitt vanlegare dei siste åra. Ho er seniorforskar ved NTNU Samfunnsforsking.

– Det har vore ein auke av kommunar som opplever naboklager og protestar når dei skal bygge slike bustadar.

Kommunane er lovpålagt å tilby bustadar til denne gruppa. Dette gjer ofte at det oppstår ein såkalla «Not in my back yard- problematikk», fortel Røe.

– Det er ein velkjent situasjon at alle er for bustadar, men ingen vil at dei skal bli bygd i akkurat sitt nabolag.

Ho understrekar at dei som treng ROP-bustadar er ei samansett gruppe, og at det ikkje treng å gi ein auke i risiko å få slike bustadar i nærleiken.

Skogen-Malvik

Dei siste åra har det blitt fleire konfliktar mellom kommunar og naboar som ikkje ønsker butilbod i "sin bakgard".

Foto: Morten Andersen / NRK

Det kjem heilt an på kven som blir busett der, korleis oppfølginga dei får er organisert og om dei har gode tilbod i nærmiljøet som gjer at dei kan leve eit meiningsfullt liv.

– Vi ser at som oftast går det bra når bustadane har blitt etablert.

Samstundes forstår ho at naboar til slike prosjekt kan bli bekymra.

– Eg kan forstå at folk kan bli bekymra, spesielt med butilbod i nærleiken av barn. Den bekymringa er det viktig at kommunen tar på alvor.

Les også Her er det nesten ikke født barn de siste årene

Ida Skarsten sammen med sønnen Andor.

Ordføraren er ikkje bekymra

Ordførar i Malvik kommune, Eugen Gravningen Sørmo (H), meiner dei har tatt naboane sine bekymringar på alvor i prosessen.

– Det er ikkje uvanleg at brukarar av ROP-bustadar kjem tett på og blir integrert i eit nærmiljø

Ordførar i Malvik, Eugen Gravningen Sørmo

Sørmo meiner det er gjort eit godt forarbeid. Kommunen har stort behov for ROP-bustadar.

Foto: Morten Andersen / NRK

Han seier kommunen har gjennomført risikoanalysar og gjort naudsynte vurderingar i arbeidet med planane.

– Dette er ein samansett gruppe, med ulike utfordringar og ulike behov. Nokre er utagerande, og dei skal ikkje bli busett her.

– No håpar eg at vi gjennom høyringane og saksgangen får svart på alle spørsmål og trygga alle naboane, seier Sørmo.

Kommunen sitt forslag til detaljregulering av området er no sendt på høyring. Når bustadane eventuelt vil stå ferdig er enda uklart.