Hopp til innhold

Seier nei til fleire av kuttforslaga

Frp, Høgre og Ålesundlista som har fleirtal i kommunestyret i Ålesund, seier nei til fleire av kuttforslaga frå kommunedirektøren som gjeld lavterskeltilbod innanfor rus og psykisk helse.

Dei tre partia vil mellom anna vidareføre Skansen aktivitet, Fontenehuset og Sommerfuglen.

– Dette er eit tilbod som har stor nytte for mange, seier ordførar Håkon Lykkebø Strand (Frp).

Rask psykisk helsehjelp blir også foreslått tatt ut av kuttlista. Det same gjeld Erfaringskonsulentene som er foreslått avvikla.

Kuttforslaga frå kommunedirektøren skal opp til politisk behandling i formannskapet i morgon fredag.

Rådhuset i Ålesund. Vi ser kommunevåpenet, ein fiskebåt i sølv på raudt skjold, henge på veggen mellom to høge vindauge. Under heng eit skilt med orda "Ålesund kommune". Foran i biletet, ute av fokus, ser vi blada frå eit tre.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK