Maskina som skal hjelpe barn

Her øver barn seg på å ikkje bli redde for å ta MR.

Gabriella Elise Hernandez Tørresen (7) ventar på å gjere noko nytt. Noko som kanskje er litt skummelt.

Ho skal ta MR, men først skal ho øve i simulatoren på Haukeland sjukehus. På venterommet fargelegg ho ei teikning av ei MR-maskin.

Ho sjekkar også ut leike-MR-maskina.

Krokodillen skal også ta MR.

MR, altså magnetisk resonans, er ein måte å ta bilete av forandringar i kroppen på, med radiobølger.

Dette lagar mykje lyd. Og det kan vere utfordrande å ligge i ro inne i maskina.

Helene og Martine veit at mange barn treng narkose for å bli undersøkt.

Difor forskar dei på om ein øvings-MR kan førebu ungane på dei høge lydane frå magnetane.

Forskinga føregår i den einaste MR-simulatoren i Noreg. Den fekk sjukehuset i desember.

Ein bamse gjer øvinga tryggare.

Conrad Röntgen er med på å få luka ut kven av ungane som vil trenge narkose for å bli undersøkt.

Gabriella får sjå MR-simulatoren.

Slik som barna skal, ligg Conrad Röntgen i ro, ser i spegelen for å sjå på TV og kan trykke på ein knapp om han vil ut.

No skal Gabriella gjere det same. Ho får på seg høyrselsvern med lyd frå det ho vil sjå på TV-en.

Under øvinga vil Gabriella sjå på Klart eg kan.

Når ho blir køyrt inn i simulatoren gjeld det å ligge i ro.

Magnetane som vanlegvis lagar den høge lyden er tatt ut.

Høgtalerar er installert. Dermed kan opptak av ekte MR-lyd bli spelt av.

Radiograf Martine brukar mobilen til å spele av lydopptaka.

Gabriella ligg heilt i ro. Sjølv om lyden er høg.

Ho trykker ikkje på knappen. Slik som for andre ungar, kan det sjå ut til at øvinga er effektiv.

«Me brukar kanskje ein halvtime til ein time på å øve her. Når dei kjem på MR-time går det fem minutt til dei ligg på bordet og bileta er tatt.»

Martine Valnumsen Hansen, radiograf.

Med simulator-testen unnagjort er tida snart klar for ekte MR.

– Med dette prosjektet kan me flytte ein del av førebuingstida frå den pressa MR-ressursen vår og inn her på førebuingsrommet der me har god tid.

Helene Mork-Knudsen, fagradiograf og prosjektleiar

Gabriella får sjå den ekte MR-maskina. Der kan ein velje kva som skal bli spelt av på veggen. Ungane kan også sjå filmar på TV-en medan undersøkinga skjer.

Brått er ikkje MR så skummelt lenger.

Gabriella er klar!