Hopp til innhold

Leni (7) fekk sjokolade frå søpla – no er saka politimeld

Mora ante uråd då dottera jublande kom heim med 18 sjokoladeegg ho hadde fått av framande. No viser det seg at sjokolade var kasta på grunn av frykt for salmonella.

Leni Orvik Otting

Laurdagen starta veldig bra for Leni Orvik Otting (7) som truleg fekk meir sjokolade enn ho nokon gong hadde fått. Men det viste seg å vere noko muffens med sjokolade-egga.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Det blei kortvarig glede for sjuåringen som trudde ho fekk ekstra mykje laurdagsgodteri. På veg heim frå butikken møtte ho to engelsktalande kvinner som spurte om ho ville ha sjokolade. Sjuåringen trengde ikkje å tenkje seg lenge om og kom heim med famna full.

– Ho kom tilbake og var i ekstase for ho hadde fått seks trepakningar med sjokoladeegg, seier mamma Marita Orvik.

Marita Orvik og Leni Orvik Otting

Marita Orvik og Leni Orvik Otting.

Foto: privat

Kasta sjokolade etter salmonella-utbrot

Men mamma i huset var ikkje like glad. Ho ante at noko var gale, og sprang ned på nærbutikken på Midsund på romsdalskysten, og spurte om dei visste noko om sjokoladen og dei to framande kvinnene.

Etter kort tid viste det seg at butikksjefen tidlegare i veka hadde kasta store mengder sjokoladeegg av frykt for bakterien Salmonella. Over heile Europa har butikkar gjort det same etter eit stort utbrot med fleire sjukehusinnleggingar.

– Eg blei så sint at eg freste, seier butikksjef Tina Holm.

Opptak frå overvakingskamera løyste mysteriet umiddelbart. På kamera kunne ho tydeleg sjå to kvinner opne dei store søppeldunkane og hente ut sjokolade og andre destruerte matvarer.

Tina Holm

Butikksjef Tina Holm blei rasande då ho oppdaga kva som hadde skjedd med sjokolade ho hadde kasta.

Foto: privat

Håper ingen blir sjuke

Butikksjefen har meldt saka til politiet og lagt ut eit innlegg på Facebook der ho åtvarar folk mot å ete sjokoladen. Ho fryktar at dei to kvinnene har gitt til fleire barn, og at nokon kan bli sjuke.

– Eg håper ingen har ete av sjokoladen, for då kan dei bli sjuke, alvorleg sjuke, seier ho.

Ho meiner det er svært frekt å opne søppeldunkane til butikken, og hevdar dei to kvinnene også tok med seg store mengder destruerte matvarer.

Meiner butikken burde sikra betre

Politiet stadfestar laurdag kveld at saka er meldt til dei. Operasjonsleiar Per Åge Ferstad meiner også butikkleiinga har eit ansvar.

– Når ein skal kvitte seg med den typen avfall som kan vere helsefarleg burde butikken sikra det betre. Då bør ein forvisse seg om at det ikkje kan plukkast opp av andre, seier han.

– Men bør ikkje folk halde fingrane unna søppeldunkane?

– Jau, absolutt, men ein veit jo at det er folk som går rundt og snokar etter mat, seier Ferstad.

Per Åge Ferstad, operasjonsleiar i politiet

Operasjonsleiar Per Åge Ferstad i Møre og Romsdal polidistrikt etterlyser betre sikring av destruerte matvarer.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Butikksjefen seier ho la dei under anna avfall og rekna med at det var trygt nok.


Nytt forsøk på å kaste

Heime hos Marita Orvik og dottera på Leni blei det nedtur då alle sjokolade-egga måtte kastast endå ein gong. Som trøyst fekk sjuåringen knuse alle egga og hente ut dei små plastleikene som var inni. Restane ligg trygt i søppelposen inne i huset.

– Ein ting er at dei tek ting til seg sjølv, men når dei tek og deler ut til ungane, det er noko heilt anna. Det er heilt forferdeleg, seier Marita Orvik.

Leni Orvik Otting

Leni Orvik Otting (7) fekk knuse alle sjokoladeegga og hente ut alle leikene. Det var plaster på såret.

Foto: privat

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL