Hopp til innhold

Ellingsøyfjorden: Søket avslutta etter funn av redningsvestar

Søket i Ellingsøyfjorden er avslutta, det opplyser politiet. Leitemannskap fann i kveld ein gummibåt og tre redningsvestar i fjøra på Ellingsøya. Politiet stadfestar no at desse stammar frå snekka som blei funne tom ved Vardeflua i ettermidag.

Helikopter i Ellingsøyfjorden

Det blei sett inn helikopter i søket.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Redningsskøyta i Ellingsøyfjorden

Redningsskøyta i søk langs land tysdag kveld.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Gummibåten blei funnen fortøyd til ei kai på Myklebust, opplyser politiet.

Store leitemannskap søkte tysdag ettermiddag og kveld etter personar i Ellingsøyfjorden etter funn av ei tom snekke. Det var ved 17.30-tida det blei meldt om båtensom låg for anker ved Vardeflua.

I følgje politiet blei båten funnen med med drivankeret ute, motoren i gang og halvfull av vatn.

Klokka 1935 stadfesta redningsleiar Bjørn Magnussen ved Hovudredningssentralen på Sola at at dei hadde funne utstyr i fjøra på Ellingsøya.

– Vi har funne tom emballasje etter redningsvestar ombord i snekka. I tillegg er ei jakke borte. Ei tilsvarande jakke er funne i gummibåten på land, seier han.

Klokka 2015 stadfestar politiet at utstyret som er funne stammar frå snekka.

John Kåre Flo

John Kåre Flo er operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Båteigaren har sett på tinga og vi er sikre på at desse kjem frå snekka, seier operasjonsleiar John Kåre Flo ved Sunmøre politidistrikt.

Søkte i stort område

Kystvakta i Ellingsøyfjorden

Kystvaktskipet KV «Njord» i Ellingsøyfjorden.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Det blei gjort søk i eit stort område tysdag ettermiddag. Både Røde Kors, Kystvakta og Sivilforsvaret deltok i leitinga, i tillegg til redningshelikopter og fleire andre båtar.

For leitemannskapet var det viktig å undersøke om nokon kunne ha hamna i sjøen.

– Det er mange moglegheiter, men vi tar utgangspunkt i at nokon kan ha ramla overbord. Det er det vi sjekkar først, der tar vi ingen sjansar, sa redningsleiar Jan Lillebø ved Hovudredningssentralen på Sola til NRK tysdag ettermiddag.

Etterforskar tjuveri

Det blei tidleg klart at båteigaren ikkje var ombord. Då politiet tok kontaktmed han, kunne han fortelje at han sist sjekka båten ved 22-tida måndag kveld. Båten skal ha blitt observert i samme området alt klokka åtte tysdag morgon.

– Båteigaren har ikkje kjennskap til korleis båten har hamna der. Vi trur den har drive eit par kilometer vestover i løpet av dagen, seier Flo.

– Er det aktuelt å etteforske nokon for å ha starta ein leiteaksjon utan grunn?

– Det kan vi ikkje seie noko om no. Vi etterforskar tjuveriet av båten. Vi har sikra oss spor både i snekka og i gummibåten. For oss har dette handla om å forsikre oss om at ingen var i naud, så får vi ta andre ting etterkvart.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL