Hopp til innhold

Leitar etter nye smakskombinasjonar

– Kombinasjonen mat og reiseliv blir det store framover, seier Nils-Henning Nesje, på veg til Grüne Woche.

Nils-Henning Nesje

Nils Henning Nesje håpar å ha med seg nye matkombinasjonar heim frå Berlin.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

Sidan han starta Mat med hjartet i 2007 har han jobba for å fremje kortreist mat frå vår region.

Til årets Grüne Woche i Berlin blir han ein av få lokale representantar, i alle fall samanlikna med tidlegare år. Dette er ein av verdas største forbrukarmesser for landbruk, mat og reiseliv.

Jon Georg Dale (Frp) smiler ved pulten sin. Har hendene i kors

Den nye landbruksministeren får tilbod om lokale smakar når han kjem til Berlin.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– I år er Fjord Norge tatt ut av stand, og då er det ikkje så mange produsentar her ifrå som reiser, fortel Nesje.

Smaksprøver i kofferten

Sjølv skal han mellom anna ha møter med både Hanen og landbruksminister Jon Georg Dale. Og sjølv om han kjem frå Volda skal han få presentert kva Møre og Romsdal og vestlandet har å by på.

– Det er å sjå utsiktene for eit samarbeid mellom mat og reiseliv, for det er den store trenden for tida. Denne kombinasjonen blir nok det store i åra som kjem.

Nesje fortel at Hanen er ein organisasjon som knyter til seg produsentar, gardsutsal og utestader der ein finn dei gode matopplevelsane. Organisasjonen har eit kart ein kan klikke seg inn på som viser til slike stader.

Nye trendar

Nils-Henning Nesje

Nis-Henning Nesje er ein av få frå Vestlandet som reiser til årets Grüne Woche.

Foto: Arne Flatin / NRK

– I kofferten min har eg med meg litt forskjellig til matministeren, så han ikkje gløymer kvar han kjem ifrå. Så vi får håpe han likar øl og ost og litt forskjellig, ler Nesje.

Sjølv skal han søke nye matopplevelsar og trendar blant dei om lag 1500 utstillarane og småprodusentane frå heile verda.

– Mellom anna veit vi at mat og helse, å vite kvar maten kjem ifrå, og at porsjonane går ned er trendar i tida. Å ete meir grønt, og lokal mat kombinert med smakar frå Australia og Japan er andre spanande trendar, lokkar Nesje.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL