Det var Høgre, Kristeleg folkeparti, Arbeidarpartiet og SV som røysta for nedlegging.
Dei utgjorde 21 røyster mot 18 frå Senterpartiet, Venstre og Framstegspartiet.
Vil spare 2,5 mill
Kommunen reknar med å spare rundt 2,5 millionar kroner på å legge ned skulane.
Dei fire grendaskulane Liadal, Nordre Vartdal, Åmås og Follestadalen har lenge stått på politikarane si kuttliste.
Tirsdag kveld fekk dei nådestøyten. Gevinsten er 2,5 millionar kroner meir i komunekassa.
Det var partia Høgre, Kristeleg Folkeparti, Arbeidarpartiet og SV som røysta for nedlegging. Dei utgjorde 21 røyster mot 18 frå Senterpartiet, Venstre og Framstegspartiet.
Upopulært vedtak
Jan Magne Dahle (SV) seier økonomien er svært dårleg og at dei som ansvarlege politikarar må fatte eit så upopulært vedtak.
Dahle er klar over at mange foreldre no er skuffa, men håpar dei forstår at dette kan gjere det betre for grunnskulen i Ørsta totalt sett.
Ordførar Nils Taklo frå Senterpartiet var blant dei som røysta mot nedlegging, men no er denne kampen over seier han.