Hopp til innhold

Utsetting av Helseplattforma kan koste 600 millionar kroner

Journalsystemet Helseplattforma er blitt ein stor verkebyll for Helse Midt-Noreg.

Kristiansund sjukehus

Innføringa av helseplattforma i Møre og Romsdal kan bli utsett.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Helseplattforma er innført ved St. Olavs, og skal etter planen også innførast i Helse Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag, men mange alvorlege feil ved systemet har ført til stor skepsis mot å ta det i bruk.

Styret i Helse Møre og Romsdal skal torsdag ta stilling til om dei skal utsette innføringa på grunn av omsyn til pasientsikkerheit og forsvarleg drift.

Helse Midt-Noreg publiserte onsdag nokre av dokumenta som blir sendt ut til styremøtet i helseføretaket i neste veke.

Der kjem det fram at ei utsetting kan koste 600 millionar kroner, og dei pengane finst ikkje i prosjektet.

Les også 182 pasienter berørt av ny feil i Helseplattformen

Sylvi Listhaug snakker med leger på St.Olavs om Helseplattformen

Må hente pengar utanfrå

Helse Midt reknar då med ei eventuell utsetting for Helse Møre og Romsdal med to år og Helse Midt-Noreg med eitt år.

«Dersom prosjektet forlenges fra februar 2025 til september 2026, vil man med en estimert «burnrate» på 30 millioner kroner per måned kunne få en ekstra prosjektkostnad på om lag 600 millioner kroner. Eventuelle konsekvenser knyttet til avtalene med Epic og kommuner inngår ikke i estimatet, skriv dei i sakspapira.»

Dei peikar også på at kostnaden tidlegare er blitt dekt innanfor prosjektet si ramme, men at desse pengane no er oppbrukt, og at dei difor må hente pengar frå andre stader i sjukehusdrifta om dei skal finansiere fleire utsettingar no.

Mange problem

St. Olavs hospital i Trondheim tok i bruk det omstridde journalsystemet 12. november i fjor.

Planen var å innføre Helseplattforma ved sjukehusa i Møre og Romsdal i slutten av april 2024.

Olav Lødemel

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Olav Lødemel.

Foto: Remi Sagen / NRK

Dei tilsette ved sjukehusa i fylket blei svært letta måndag då administrerande direktør Olav Lødemel innstilte på å utsette innføringa av omsyn til pasientsikkerheit og forsvarleg drift.

Maud-Kristine Aga Ljoså er tillitsvald for overlegane ved Ålesund sjukehus. Ho er ein av mange som har stått på for å få utsett innføringa av journalsystemet.

– Eg er først og fremst veldig letta over at det var dette som vart innstillinga, og det var jo heilt i tråd med det legegruppa ønska. Eg er glad for at vi har ei leiing som har tatt desse bekymringane på alvor, sa ho då innstillinga til direktøren var klar.

Les også Vil utsette Helseplattforma: – Letta og glad

Maud-Kristine Aga Ljoså ser inn i kameraet. Ho smilar og ser nøgd ut.

Det er styret i Helse Midt-Noreg som endeleg avgjer om innføringa blir utsett, på sitt styremøte 12. og 13. desember.