Hopp til innhold

Kler seg naken for blinkskot i Rio-OL

Han er norsk trenar for det nederlandske skytelandslaget, og vil at utøvarane skal vere godt utstyrt. No stiller han naken for å sikre utøvarane kuler og krut av beste kaliber.

Han trener det nederlandske skytterlandslaget. Nå stiller han naken slik at landslaget skal få det beste utstyret.

Her stiller Christian Holstad Lilleng naken i Salt studio i Ålesund tysdag. Dette sikra sponsorkontrakten til det nederlandske skytelandslaget.

Tidlegare har han leia det norske skytelandslaget i Beijing-OL. Sommaren 2016 skal han sikre innertiarar for det nederlandske skytelandslaget under OL i Rio.

Og i dag stilte Christian Holstad Lilleng i fotostudio. Der let han kleda falle til siste tekstilfiber. Og utan ei fille på kroppen viser han fram utstyret det nederlandske skytelandslaget no rår over.

– I samband med landslagstrenarjobben er sjølvsagt interessert i at skyttarane mine har det beste moglege utstyret. Ammunisjonen er utruleg viktig i denne millimeter-idretten, og derfor kontakta eg ein av dei topp-tre ranka ammunisjonsfabrikkane for å høyre om moglegheita for ein sponsoravtale, seier Lilleng.

Christian Holstad Lilleng

Her er Christian Holstad Lilleng som leiar av det norske skytelandslaget under OL i Beijing.

Foto: NRK

I dag får dei nederlandske skytarane lada børsene med akkurat den ammunisjonen dei ønskte seg.

– Til mi store overrasking var dei positive, og vi fekk forhandla oss fram til ein veldig god avtale både for dei og oss, fortel han.

– Eg stiller naken

Trenar Christian Holstad Lilleng var i samtalar med den kvinnelege forhandlaren i RUAG-konsernet. Samtalane handla ikkje lenger om avtrekkar, kaliber og kuler og krut, men om plassering av logoar og slikt. Då skaut forhandlaren inn at ho ville ha bilete av skyttarane til ulike reklameformål.

– Det var eg sjølvsagt positiv til. Så sa ho: «Og så vil gjerne ha bilde av deg – du er jo ein av verdas mest kjende skytetrenarar!»

– Då datt det ut av meg – altfor raskt – at "Dersom de kan gi oss ein slik avtale, så stiller eg naken!" fortel den komande landslagstrenaren.

– We have a deal, var det kjappe svaret frå RUAG-forhandlaren.

Christian Holstad Lilleng

Slik blir Christian Holstad Lilleng presentert verda over. Dette er eitt av fleire bilete som blei tekne av han i Ålesund tysdag.

Foto: SALT Studio AS

– Mange latterkuler

Kontrakten kom i hamn i slutten av august. Men på grunn av formalitetar tok det ei stund før fotoshooten kunne realiserast. Det gav Lilleng moglegheit til å setje i sving heile ekspertpanelet på Papendal Olympiske Senter for å kome seg nokolunde i form.

– Det har vore ei heilt utruleg oppleving med mange aha-opplevingar og mange latterkuler undervegs i løpet av dei 12 vekene eg har hatt på meg, seier han.

– Å bli forstyrra under spensttreninga av det nederlandske herrelandslaget i volleyball var ei oppleving i seg sjølv, sidan dei skulle gjennomføre dei same øvingane som meg, berre med litt høgare kasser, ler han.

Gjekk ned ti kilo

Sjølv hevdar Lilleng at han kunne fått bruk for litt fleire veker med ekspertpanelet, men 12 veker har også gjort underverk. Han har gått ned over ti kilo og redusert feittprosenten med sju prosent.

Snart vil nakenbilda av Lilleng prege sponsorplakatar over heile verda med påskrifta "As coach I know my balls is always on the line – I am glad RWSS is covering mine!"

– Eg trur de kan gjette temaet på bildet ut frå det, seier Lilleng med smilefjes i ein epost til NRK.