Hopp til innhold

Lagt i belte i to døgn: – Eit overgrep

Kvinna var pasient ved den psykiatrisk avdelinga i Ålesund. Sist sommar blei ho lagt i belte i to døgn. Fylkeslegen refsar Helse Møre og Romsdal og krev forbetringar.

Ålesund sjukehus

Kvinna var pasient ved den psykiatriske avdelinga ved Ålesund sjukehus.

Foto: Remi Sagen / NRK

Advokaten til kvinna hevdar at beltelegginga skjedde i strid med det strenge regelverket for tvangstiltak. Han seier hendinga var svært traumatisk for kvinna.

– Ho opplevde dette som eit grovt maktovergrep og har mista tilliten til avdelinga i Ålesund, seier advokat Kjell Sigve Haugland til NRK.

– Ikkje dokumentert at beltelegging var naudsynt

Kjell Sigve Haugland

Advokat Kjell Sigve Haugland representerer kvinna.

Foto: Remi Sagen / NRK
Karin Müller Mikaelsen

Karin Müller Mikaelsen er fylkeslege i Møre og Romsdal.

Foto: Roar Jonny Strom

Fylkeslegen konkluderer med at Helse Møre og Romsdal har brote krava til forsvarleg behandling etter spesialisthelsetenestelova. Ho dokumenterer at kvinna var lagt i belte i alt 48 timar.

– Sjølv om pasienten var løyst frå senga i 7 episodar kan ikkje Fylkesmannen sjå at prosedyrane om friare forpleiing kvar 8. time var systematisk følgt, skriv Fylkeslegen i sin rapport.

Fylkeslegen har heller ikkje funne dokumentasjon som viser at det var naudsynt å legge kvinna i reimar. Slik fastspenning skal berre skje for å hindre ein pasient frå å skade seg sjølv, andre eller gjenstandar og inventar.

– Det går fram verken i journalen eller i saksframstillinga at det var nokon naudssituasjon, skriv Fylkeslegen.

– Var ikkje til fare for seg sjølv eller andre

Også advokaten avviser at kvinna var til fare for seg sjølv eller andre.

– Det var ingenting som tilsa at kvinna var til fare for seg sjølv. Det finst heller ingen stadfesta faktum at ho var til fare for andre.

Helse Møre og Romsdal lovar no at saka skal bli brukt for å betre arbeidet innan psykiatrien.

– Vi melder dette inn i vårt eige kvalitetssystem slik at vi kan finne gode læringspunkt, seier avdelingssjef, Åse Helene Gjærde.

– Kan ikkje sjå vekk frå ressurssituasjonen

Helse Møre og Romsdal avviser at tvang blir brukt av økonomiske årsaker eller på grunn av ressursmangel.

– Det ligg føre ei fagleg vurdering bak all bruk av tvang seier Gjærde, og avviser at tvangsbruken har med manglande ressursar å gjere.

Advokat Kjell Sigve Haugland meiner det likevel er all grunn til å sjå tvangsbruken i lys av ressursane ved avdelinga.

Økonomien set rammene for all offentleg verksemd. Ein kan ikkje sjå vekk frå at det er eit økonomisk element i dette. Slik kan enkeltpersonar bli ansvarlege for det som eigentleg er systemfeil, seier Haugland.

Fleire langvarige belteleggingar

Sist vinter kom det fram at Helse Møre og Romsdal var blant helseføretaka som hadde dei mest langvarige belteleggingane i landet. Helse Møre og Romsdal arbeider framleis for å skaffe oversyn over dette.

Kvinna opplyser via sin advokat at ho er nøgde med konklusjonen til Fylkesmannen og ho føler at ho er blitt høyrd.

– Ut over dette har ho ikkje teke stilling til om vi skal gå vidare med saka, seier advokat Kjell Sigve Haugland.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL