Det luktar bensin og våt asfalt på bensinstasjonen i Ørsta ein haustlaurdag. Her møtes unge menn med gamle, nedsenka bilar og breie dekk – og med musikkanlegg det går gjetord om.
I tiår etter tiår har rånekulturen prega bygda på godt og vondt, men i haust har problema auka.
– Eg hadde ikkje syns det var noko problem, eg søv gjennom det meste, seier 18 år gamle Knut-Petter Masdal.
Gunnar Oslandsbotn er ein av fleire i miljøet som meiner dei som er plaga av den høge musikken, kan flytte frå sentrum.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKDenne veka møtte han opp i Søre Sunnmøre tingrett for å nekte på bota på 5 000 kroner for å ha køyrt gjennom sentrum om natta med svært høg musikk i bilen.
Både Masdal og kameratane syns folk som ikkje held ut den høge musikken bør flytte frå sentrum.
– Då får dei heller busetje seg ein annan stad, dersom dei syns det er slitsamt, seier Gunnar Oslandsbotn.
Rekordutskriving av bøter
Berre sidan i sommar har politiet skrive ut 15 bøter til unge menn i sunnmørskommunen, på grunn av musikkspeling frå bilane og det har aldri skjedd før.
Innsatsleiar Geir Helge Ådneram i Møre og Romsdal politidistrikt seier det er eit fåtal som øydelegg for mange ved å spele alt for høg musikk om natta.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKSeinast sist helg måtte politiet gripe inn for å stoppe bilistar med svært høg musikk både fredag og laurdag.
– Slik vi oppfattar det, er det nokre få som heilt bevisst gjer dette for å plage ein haug med andre, seier innsatsleiar Geir Helge Ådneram i Møre og Romsdal politidistrikt.
Fryktar hemn frå rånarane
Fleire naboar seier at dei har store problem med å sove om nettene, og at spelinga går føre seg både i helgane og på kvardagar. NRK har sett og høyrt på ei rekkje videoklipp av bilar som køyrer gatelangs i Ørsta med svært høg musikk til langt ut på morgonkvisten. NRK får ikkje lov å vise deler av filmklippa og ingen av naboane vil la seg intervjue. Då fryktar dei hemnaksjonar.
Fleire av dei som tilhøyrer miljøet avviser at dei hemnar seg på dei som klagar.
– Nei, dersom eg får ei klage, skrur eg berre ned, seier Adrian Borgen Varpen.
Pilotar seier dei ikkje får sove
Hovudverneombod for pilotane i Widerøe vedgår at rånarane gjer at det kan vere vanskeleg å få nok søvn når dei overnatta på hotellet i Ørsta. Det ligg berre eit steinkast frå hovudvegen gjennom sentrum.
– Det er tidleg til sengs og tidleg opp, og avbroten nattesøvn, slik vi av og til opplever i Ørsta, er svært uheldig, seier Endre Kleiven.
Ordførar Stein Aam kjenner rånarkulturen frå innsida, men har lite til overs for volumet som dagens rånarar brukar.
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRKProblem for utbyggarane
Ørsta-ordføraren er sjølv gamal rånar, men er lite begeistra for volumet til dagens generasjon. Dei siste åra har det blitt bygd fleire nye leilegheiter i sentrum, og endå fleire er det planlagt.
– Denne volumknappen kunne eg tenkt meg å ha hand om, men det er ei utfordring som er vanskeleg for ein ordførar, seier Stein Aam (Sp).
Knut-Petter Masdal syns dei som klagar på musikkbråk ikkje høyrer heime i sentrum. Han og kameratane seier det alltid har vore råning i Ørsta.