Hopp til innhold

Lagar 17. mai-frukost til bygda på dugnad

I 30 år har Mari Rigmor Fredriksen laga 17. mai frukost til bygdefolket i Torvikbukt i Gjemnes.

17. mai-frukost i Torvikbukt

Bygdefolket set pris på den gode frukosten som ekteparet lagar.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

På kjøkkenet på Høgtun Folkehøgskule i Torvikbukt er det full kontroll. Mari Rigmor har lang erfaring med å lage 17. mai-frukost til ein bråte med folk. Det har ho gjort i heile 30 år. Dei siste fire-fem åra har ho fått hjelp frå ektemannen Viktor Fredriksen. Heile bygda er invitert.

– Eg føler at å lage denne frukosten gir meg noko, samstundes som eg gir noko til bygda, seier Mari Rigmor. Ho bur i ei dugnadsbygd, der innbyggjarane gjer mykje saman.

LES OGSÅ:

Bugnande frukostbord

På bordet står det pålegg i alle variantar, som laks, kjøttpålegg og kabaret. Klokka 09 opna det for bygdefolket og då har også bøndene tid til å komme. Ikkje før seinare på dag vert det tog, så dermed rekk bygdefolket å kose seg med ein lang frukost.

Viktor synest det er ein koseleg tradisjon.

– Det er kjekt å dele 17. mai-dagen rundt eit godt frukostbord. Det er givande å sjå kor glad folk blir, seier Viktor.

Mari Rigmor og Viktor Fredriksen

Ekteparet Mari Rigmor og Viktor Fredriksen inviterer heile bygda på frukost.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Lagar graut

Han har segla utanriks i over 30 år, men dei siste åtte åra har han vore tilknytt folkehøgskulen som kokk. Spesielt det å vere saman med ungdomen, er givande meiner han.

Etter at frukosten er over, tar ikkje Mari Rigmor og Viktor pause. Då skal dei laga rømmegraut og spekemat, som skal serverast i Gjemneshallen i ettermiddag.

Blir de ikkje trøytte og slitne av å ikkje få feire dagen skikkeleg sjølve?

– Vi får jo lov til å feire og delta på det som skjer i hallen, så då tar eg på meg bunaden og går i tog, seier Mari Rigmor.

17. mai-frukost i Torvikbukt

Frukostbordet bugnar av alt slags pålegg.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK