Hopp til innhold

Tar 17. mai-temperaturen i Torvikbukt

Også i år serverer NRK ei fyldig tv- sending med glimt frå store og små stader i heile landet på nasjonaldagen. Frå Møre og Romsdal er det Torvikbukt i Gjemnes som får vise seg fram.

Hans-Olav Landsverk og Sissel Brunstad

Fotograf Hans-Olav Landsverk og journalist Sissel Brunstad blir å finne i Gjemnes på 17. mai.

Foto: Remi Sagen / NRK

Sissel Brunstad skal vere reporter i Torvikbukt, og seier det blir to-tre glimt frå bygda i løpet av den sju timar lange direktesendinga.

– Den vakre bygda har mykje interessant og vakkert som burde vore vist på tv. Men fordi heile landet skal sleppe til i sendinga, med Slottet, kongefamilien og folketoget i Oslo som den raude tråden, blir det korte glimt frå dei fleste stadane i landet elles, seier Brunstad.

Øre kyrkje skal besøkast

Øre kyrkje

Vakre Øre Kyrkje i Gjemnes

Foto: Sissel Brunstad

Ho vil ikkje røpe alt som skal visast frå Torvikbukt, men eit gardsbesøk og frukost på Folkehøgskulen er alt plotta inn. Også eit glimt frå kyrkjebakken ved Øre kyrkje før gudstenesta kl. 11.00 blir det også. Heitte har vore kyrkjestad i fleire hundre år.

– Vi håper på godt vêr, og at mange møter fram både til frukost på Høgtun og ved kyrkja, seier Sissel Brunstad.

Anders Orset får også besøk av tv- teamet. NRK blir med på fôring av småkalvar som er slept ut av fjøset for første gong.

Besøker Høgtun

Viktor Fredriksen

Viktor Fredriksen på kjøkkenet på Høgtun Folkehøgskule

Foto: Sissel Brunstad

Ein gløtt inn på kjøkkenet på Høgtun Folkehøgskule blir det også i løpet av sendinga. Viktor Fredriksen og kona Mari Rigmor lagar 17. mai-frukost til heile bygda.

Det har dei gjort i årevis. Han har jobba som stuert i utanriksfart – det gjorde ho også i nokre år.

– No når vi er pensjonistar er det kjempekosleg å lage ein triveleg start på nasjonaldagen for bygdefolket, seier Viktor.

– Vi håper på godt vêr, og at mange møter fram både til frukost på Høgtun og ved kyrkja, seier Sissel Brunstad.

Med seg har ho fotograf Hans Olav Landsverk, som er fast fotograf for den populære serien om Severin.

Nasjonaldagen feires i hele landet. Det er en festdag med barnetogene i sentrum, med sang og musikk, is og pølser og med kongefamilien på slottsbalkongen i hovedstaden. Rundt i hele Norge og på utvalgte steder i utlandet står reportere klare til å la oss få oppleve feiringen.
Programledere på Slottsplassen er Anne Rimmen og Marte Stokstad, og reporteren som tar pulsen på barnetoget og festdeltakere langs Karl Johan er Nadia Hasnaoui. 
Hele barnetoget i Oslo sendes direkte og i sin helhet på NRK2 fra kl. 10.20 med kommentator Pål Plassen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL