Hopp til innhold

La vekt på funn av svarte pallar

SUNNMØRE TINGRETT (NRK): Funn av svarte plastpallar ved Brødrene Aarseth sitt produksjonsanlegg blei eit sentralt tema under fisketjuverirettssakas tredje dag.

Hilde Haugen

Svarte plastpallar blei igjen eit tema under fisketjuverirettssaka i Sunnmøre tingrett i dag.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Onsdag ettermiddag blei svarte pallar igjen eit tema under rettssaka mot dei tre mennene som er tiltalt for heleri av fisk til ein samla verdi på nesten 12 millionar kroner. Kurt Kim Stige, kriminalteknikkar og politioverbetjent i Møre og Romsdal politidistrikt, var ein av dei som vitna i Sunnmøre tingrett onsdag.

Han forklarte at det blei gjort undersøkingar både ved Scanprod AS og Brødrene Aarseth sitt produksjonsanlegg i 2015. Ved Brødrene Aarseth, som er eigd av Aalesund Seafood, skal det ha blitt funne fisk som stod på svarte pallar som liknar på dei Scanprod sjølv bruker.

– Dei hadde same mål og utsjånad som pallane til Scanprod, sa Stige.

Men det ikkje blei gjort nokre åstadsundersøkingar eller endeleg eller samanlikning av pallane som kunne bekrefte at det var dei same.

Observert ved Brødrene Aarseth

Måndag forklarte den hovudtiltalte at han fekk dei mørke pallane han brukte frå leverandøren han kjøpte fisk med og at han leverte dei tilbake til sjåføren ved neste leveranse.

Pallane som Scanprod AS brukar stammar frå bedrifta E. Sperre og SP-System Norge AS og selskapet skal ha kjøpt totalt 60 slike svarte pallar frå 2009 til 2012. Eit vitne i bedrifta forklarte at dei ikkje hadde selt pallar til Brødrene Aarseth, og at det var få fiskebedrifter her i området som har kjøpt desse pallane. Bedrifta skal derimot ha selt slike pallar til bedrifter andre stader i landet.

I starten av 2015 skal ein tilsett i E. Sperre og SP-System Norge ha observert nærare 20 pallar som likna på dei som Scanprod brukar ved Brødrene Aarseth sitt anlegg.

– Eg reagerte på at slike pallar stod der ettersom vi har eineretten på sal av slike pallar i Norge, forklarte personen som også vitna i retten i dag.

Han hadde derimot ikkje tilgang til området og fekk difor ikkje sjekka om pallane faktisk stamma frå dei, forklarte han.

Forsvararen til den tidlegare Scanprod-tilsette vektla at det finst andre bedrifter som produserer pallar som liknar på dei som skal ha blitt funne ved Brødrene Aarseth sitt produksjonsanlegg.