Hopp til innhold

Overførte 1,3 millionar til den tidligare Scanprod–tilsette

SUNNMØRE TINGRETT (NRK): Den hovudtiltalte i fisketjuverisaka på Sunnmøre skal ha overført i overkant av 1,3 millionar til den tidlegare Scanprod–tilsette.

Sunnmøre tingrett

Mannen som er tiltalt for heleri av i overkant av 386 tonn fisk skal ha overført rundt 1,3 millionar til Scanprod – tilsette.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Pengeoverføringar på rundt 1,3 millionar kroner blei tema då Line Baardsen, spesialetterforskar i Økokrim, vitna i Sunnmøre tingrett i dag.

Tre menn frå Sunnmøre er tiltalt for heleri av fisk frå Scanprod AS til ein samla verdi av nesten 12 millionar kroner. I perioden 2011 til 2015 skal den hovudtiltalte ha overført i overkant av 1,3 millionar til mannen som no er tiltalt for å ha stole fisk frå sin tidlegare arbeidsgivar Scanprod AS.

Pengeoverføring etter kjøp

Baardsen forklarte at dei har prøvd å følgje pengestraumen mellom dei tiltalte for å sjå etter ein samanheng.

– Pengane blei ved fleire tilfelle overført til den tidlegare Scanprod-tilsette etter at den hovudtiltalte hadde selt fisk til Aalesund Seafood, sa Baardsen.

Den tidlegare Scanprod-tilsette er tiltalt for å ha stole eller for å ha lagt til rette for tjuveri av i overkant av 380 tonn fisk frå bedrifta han jobba i. Denne fisken skal ha hatt ein samla verdi på 11,6 millionar kroner.

Mannen skal ha tatt ut rundt 340.000 kroner i kontantar i løpet av perioden 2011 til 2015. Det skal ikkje ha skjedd overføringar frå den Scanprod-tilsette til den hovudtiltalte. Axel Lange, mannen til den tiltalte, stilte spørsmål ved at dette var pengar som kunne ha blitt brukt til tipping, men det kunne ikkje Baardsen svare på.

Store kontantuttak

Økokrim har også sett på kontantuttaka til den hovudtiltalte.

– Den tiltalte har hatt mange store pengeuttak, og der stoppar moglegheita vår for å spore pengane vidare. Men vi reknar med at mykje av dette har gått til å betale for fisk han har kjøpt, men kan ikkje seier noko sikkert om det, sa Baardsen,

Tippa for over 2 millionar

I retten vitna også Skatteetaten om økonomien til dei involverte. Der kom det også fram at den tidlegare Scanprod – tilsette skal ha tippa for i overkant av to millionar frå 2012 til starten av 2015. I same periode skal mannen ha hatt ein gevinst på i overkant av ein million og eit tap på nesten 780.000 kroner.

Mannen har tidlegare forklart at han og den hovudtiltalte delte spelekort og at det var til tipping mykje av pengane gjekk.