Hopp til innhold

Kygo-fest på Giske i kveld

Kygo har blitt spelt meir enn ein milliard gonger på Spotify. NRK møtte superstjerna på hemmeleg sunnmørsbesøk i nydeleg vårvêr.

Kygo

Kygo er klar for fest på Giske i kveld.

Foto: Remi Sagen

Fredag kjem den aller første plata hans.

NRK møter Kygo på Ocean Sound Recordings på Giske. Der skal det vere lanseringsfest for debutalbumet i kveld. Folk frå fleire stader i verda kjem for å delta.

Spent på reaksjonane

– Det er litt annan musikk enn det folk kjenner frå før. Eg er spent på reaksjonane frå fansen, seier han.

Kygo

Kygo er spent på korleis fansen over heile verda vil ta imot debutplata hans.

Foto: Remi Sagen / NRK

Lanseringsfest på Giske

Til den hemmelege lanseringsfesten på Giske på Sunnmøre i kveld kjem fans frå ei rekke land.

NRK og norsk presse får ikkje vere med. 24-åringen seier at han gler seg til å få ny musikk ut til folket.

– Eg elskar å lage musikk. Eg har spelt piano sidan eg var seks, og har komponert musikk sidan tolvårsalderen.

– Når du lagar ei låt du er fornøgd med, får du ei utruleg god kjensle, seier bergensaren.

På strandtur

Kygo går ein kort tur på stranda ved lydstudioet på Giske saman med NRK:

– Eg trur ikkje det er mange stader i Noreg ein har så fin natur, seier superstjerna som har ein kjærast som studerer i Ålesund.

Det blir først lanseringsfest og konsert på Giske, før gjengen drar vidare til Terminalen i Ålesund sentrum.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL