Hopp til innhold

Kvinne køyrde i 129 kilometer i timen i ei 50-sone: – Det er heilt meiningslaust

Ei kvinne i 30-åra kan truleg vente seg fengselsstraff etter å ha køyrd meir enn dobbelt så fort i ei 50-sone i Ålesund.

50-sone i Skarbøvika i Ålesund

I ei 50-sone i bydelen Skarbøvik i Ålesund blei kvinna i 30-åra målt til 129 kilometer i timen.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Det var seint onsdag kveld at UP gjennomførte fleire trafikkontrollar i Ålesund. I ei 50-sone i bydelen Skarbøvika i Ålesund køyrde ein sjåfør forbi kontrollen i svært høg fart.

– Den kvinnelege bilføraren blei målt til 129 kilometer i timen. Ho stoppa heller ikkje for kontrollen, men køyrde eit stykke vidare til bustaden sin, fortel Arild Reite, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Då patruljen frå politiet oppsøkte kvinna ved bustaden hennar skal ho ha opplyst at ho ikkje hadde sett at politiet stod der.

– Kva ho har forklart er kanskje ikkje så relevant, det er uansett heilt meiningslaust å køyre i ei slik fart der. Det er håplaust, seier Reite.

Meir enn dobbelt fart

Operasjonsleiaren seier at dei ser svært alvorleg på hendinga.

– Å ha ei så høg hastigheit i eit område med fleire kryss og andre ting. Då setter ein seg sjølv og andre trafikantar i området i livsfare. Det er som eg har sagt, det er rett og slett meiningslaust.

Kvinna blei avhøyrt av politiet ved bustaden sin og er meldt for forholdet. No kan ho vente seg ei fengselsstraff.

– Det er langt over dobbelt hastigheit. Førarkortet blir beslaglagd allereie på 76 kilometer i timen i ei 50-sone. No er det opp til påtalemakta og domstolane å bestemme kva straff blir, men eg trur det ligg an til fengselsstraff, seier Reite.

Han fortel vidare at det ikkje er ofte at dei måler nokon til ei så høg fart i tettbygde strøk.

– Heldigvis ikkje. På landevegar og andre strekningar kan det bli høge hastigheiter, men sjeldan i så sentrumsnære omgivnadar.

Politiet opplyser at det ikkje er mistanke om rus- eller alkoholpåverka køyring.

Ei kvinne i 30-åra køyrde meir enn dobbelt så fort som fartsgrensa i ei 50-sone i bydelen Skarbøvika i Ålesund.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL