Hopp til innhold

Kuttar traumefunksjon i Volda

Administrasjonen i Helse Møre og Romsdal går inn for at det er sjukehusa i Molde og Ålesund som skal behandle pasientane som er alvorleg skadde i ulukker.

Ei arbeidsgruppe har vurdert kva sjukehus som skal ha traumefunksjon, og går inn for at Kristiansund og Volda IKKJE skal vere traumesjukehus.

Kristiansund sjukehus skal om kort tid inngå i det nye fellessjukehuset, og Volda sjukehus må opprustast med kirkurgisk helgevakt for nye pasientar og blodlager for å kunne fungere som traumesjukehus, heiter det i rapporten.

Saka skal opp på styremøte i neste veke.

Sjukehuset i Volda
Foto: NRK