Adm. direktør Eirik Heggemsnes. Foto: Gunnar Sandvik
Helseføretaket må gjere dette for å sikre kvaliteten og behalde fagfolka, seier administrerande direktør Eirik Heggemsnes.
Han la fram strategiinnspelet frå administrasjonen i Helse Nordmøre og Romsdal på ein pressekonferanse i dag. Dette er ein del av ein prosess som har tittelen "Helse-Midt 2010". Innspelet skal opp på styremøte i Helse Nordmøre og Romsdal 29.september. Der skal dei lage ein uttale som skal oversendast Helse Midt-Norge. Dei skal så fatte eit endeleg vedtak om strategi før årsskiftet.
Tilbod samles
Leiarteamet i Helse Nordmøre og Romsdal konkluderer med at det framleis skal vere 2 sjukehus – Kristiansund sykehus og Nye Molde sjukehus som må etablerast på Hjelset.
Endringane dei foreslår inneber at ein i større grad samlar tilbod ved eit av sjukehusa. Tilbod som pasientane treng ofte skal utviklast ved begge sjukehusa.
Fagfolka ved dei to sjukehusa skal i større grad samarbeide om vaktordningar.
Det skal vere fødeavdeling for sjukehusa på Hjelset men det er ikkje klart om det også skal vere ei fødestua i Kristiansund.
Medisinsk sjef i helse Nordmøre og Romsdal, Christian Bjelke. Foto: Gunnar Sandvik
- Framleis eit sjukehus
Medisinsk sjef i Helse Nordmøre og Romsdal, Christian Bjelke, mener endringene fortsatt betyr at det i Kristiansund blir et sjukehus.
- Framleis vil vi kunne behandle 80 prosent av dei indremedisinske sjukdomane, sier Bjelke. Han meiner endringane er naudsynt fordi sjukehusa er for små til å makte å halde kavliteten oppe.
Og reaksjonane på forslag til ny fordeling av oppgåvene i Helse Nordmøre og Romsdal har ikkje latt vente på seg.
Per Kristian Øyen, AP Foto: Gunnar Sandvik
- Sårpulver og plaster
Helsepolitikar frå Kristiansund, Per Kristian Øyen frå Arbeiderpartiet meiner dette er første steg på ei nedbygging av sjukehuset i Kristiansund. Han seier sjukehusa i Molde og Kristiansund skulle vere likeverdige, men det blir dei ikkje lenger, seier Øyen.
DEtte er ein beredskap som gir oss sårpulver og plaster, seier Per Kristian Øyen.