Hopp til innhold

Kritisk til at Stortingets tunnel nærmar seg prisen på Stad skipstunnel

Jan Atle Stang si samanlikning mellom Stortingets innkøyringstunnel og Stad skipstunnel skaper stort engasjement i sosiale medium. Stang er kritisk til at byggeprosjektet i Oslo nesten er like dyrt som verdas første skipstunnel.

Tunnelen under Stortinget ved sida av Stad skipstunnel

SAMANLIKNING: Jan Atle Stang samanliknar Stortingets byggeprosjekt med Stad skipstunnel. Det eine prosjektet kostar 2,3 milliardar kroner, det andre 2,7 milliardar kroner.

Foto: NRK/Illustrasjon Kystverket

Byggeprosjektet på Stortinget har kome opp i 2,3 milliardar kroner og vert karakterisert som ein skandale. Det andre prosjektet, Stad skipstunnel, er kostnadsrekna til 2,7 milliardar kroner.

Jan Atle Stang myser

Jan Atle Stang er i dag kommunikasjonssjef i NHO.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Fleire reagerer på korleis pengane blir brukt og at prioriteringa er feil. Sjølv om det ikkje såg så dyrt ut då Stortinget starta utbygginga, har kostnadane blitt enorme og det er lett å sette det opp mot andre behov i samfunnet, seier Jan Atle Stang.

I årevis har han jobba tett opp mot Stad skipstunnel og sat i styringsgruppa for prosjektet. Etter at han posta eit bilete av dei to tunnelane på Facebook, har reaksjonane vore mange.

– Når ein bygger ein stor skipstunnel burde prisen ha vore betydeleg forskjellig frå det som blir bygt inn til Stortinget, seier Stang.

19 utgreiingar

Jan Helgøy

Jan Helgøy er tidlegare ordførar i Vanylven (KrF). Han har jobba for Stad skipstunnel i 30 år.

Foto: Trond Vestre / NRK

Sidan den første ideen tok form om å bygge ein tunnel for båtar over det vêrharde Stadhavet på 80-talet, har prosjektet vore gjennom 19 utgreiingar for å sikre blant anna at samfunnet har nytte av tunnelen.

No går prosjektet gjennom ein ekstern kvalitetskontroll, før Stortinget kan gi klarsignal for å starte bygginga.

Tidlegare ordførar i Vanylven, Jan Helgøy, kan kanskje kallast Stad skipstunnel sin far. Han har jobba med prosjektet i 30 år, ofte mot straumen.

Han er overraska over den store kostnadssprekken til byggeprosjektet i Oslo, som ifylgje han sjølv, verken har hatt kjerneboring i fjellet eller grunnboring slik som Stad skipstunnel. Likevel har Helgøy forståing for at budsjettet sprakk.

– Det er jo eit virvar og spindelvev av all slags dreneringsrør og kablar i Oslo, så eg kan godt forstå at kostnaden kan springe løpsk, seier Helgøy.

Han meiner at Stortinget no treng ei suksesshistorie for å bøte på skadane, og meiner skipstunnelen kan bli ei solskinshistorie.

– Kan ikkje samanliknast

Vetle Wang Soleim

Vetle Wang Soleim (H) forstår at folk samanliknar samfunnsnytta i dei to prosjekta, likevel meiner han at dei ikkje kan samanliknast.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Stortingsrepresentant og medlem i Finanskomiteen, Vetle Wang Soleim (H) seier at Stortinget sitt byggeprosjekt aldri skulle bli så dyrt som det no ligg an til. Likevel meiner han at ein ikkje kan samanlikne dei to prosjekta.

– Stad skipstunnel er eit prosjekt der ein i stort skal sprenge ut eit fjell og ein tunnel, medan Stortinget sitt byggeprosjekt er langt meir komplisert, seier Soleim.

Han viser til at Stortinget ikkje berre byggjer ein tunnel, men også eit nytt bygg innanfor ein verna vegg og eit nytt post- og varemottak.

– Når veggen er verna, vi veit at dette er eit prosjekt midt i Oslo sentrum, der vi må ha sprengingsarbeid, der Stortinget framleis skal vere i drift, så er det veldig vanskeleg å samanlikne prosjekta.