Hopp til innhold

Omkom etter fall på Sunndalsøra

Ei kvinne i slutten av 20-åra er bekrefta omkomen etter at ho skal ha falle frå ein balkong i 2. etasje.

Fallulykke på Sunndalsøra

Ein person blei funnen på bakken etter fall frå ein balkong.

Foto: Tommy Fossum / Driva

Pårørande er varsla.

Politiet har ingen mistanke om straffbare forhold.

– Med bakgrunn i de undersøkingane vi har gjort og den informasjonen vi har, har vi ingen grunn til å tro at det ligg føre noko straffbart i forbindelse med hendinga, seier operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Leif Arne Mork.

Politiet vil gjennomføre vidare undersøkingar torsdag.

Vitne skal ha sett fallet

Onsdag morgon fekk naudetatane melding om ein person som hamna på bakken etter eit høgt fall. Vedkomande skal ha falle frå ein balkong i ei bygning i Sunndalsøra på Nordmøre. Balkongen ligg i 2. etasje.

Vedkomande vart floge kritisk skadd til St. Olavs hospital i Trondheim.

Det var eit vitne på staden som skal ha sett delar av hendinga. Det var vitnet som kontakta naudetatane.

Innsatsleder Kjersti Vestavik i Møre og Romsdal politidistrikt er på Sunndalsøra i samband med fall frå balkong

Kjersti Vestavik er innsatsleiar i politiet.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Vitnet skal ha sett sjølve fallet, seier Molnes.

Politiet var på staden i morgontimane for å etterforske saka. Innsatsleiar på staden, Kjersti Vestavik, sa da at dei prøvde å finne ut av kva som har skjedd.

– Vi kartlegg taktiske og tekniske spor. Vi har også snakka med folk, seier Vestavik.

Fallhendelse på Sunndalsøra

Politiet mistenker ikkje at det har skjedd noko kriminelt.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL