Hopp til innhold

– I fleire år har det vore ein kultur for å skulde på kvarandre i Stranda

Avtroppande rådmann i Stranda, Ann Kristin Langeland, langar ut mot arbeidsmiljøet i den verst økonomisk stilte kommunen i Noreg. Ho meiner at politikarar og kommunetilsette brukar for mykje tid på å finne syndebukkar og skulde på kvarandre.

Stranda kommunestyre

Stranda kommune slit med ei enorm gjeld. Rådmann Ann Kristin Langeland meiner at folk er for opptekne av å legge skulda på kvarandre.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ann Kristin Langeland

Ann Kristin Langeland har sagt opp jobben som rådmann i Stranda. Ho kritiserer arbeidsmiljøet i kommunen.

Foto: Frode Berg / NRK

Stranda kommune er i ei økonomisk hengemyr, og slit med gedigen gjeld. Den siste tida har politikarane jobba intenst for å rydde opp. Midt opp i det heile sa rådmann Ann Kristin Langeland opp jobben sin. I avskjedstalen sin går ho no ut og kritiserer arbeidsmiljøet i kommunen.

– I fleire år har det vore ei stemning der det har vore svært viktig å finne nokon å skulde på, seier Langeland. Ho meiner at dette stel energi, og fokus frå dei store oppgåvene Stranda står framføre.

Skianlegget velta økonomien

Stranda skisenter - fargekorrigert

Kommunen investerte millionar i skianlegget på Strandafjellet.

Foto: Stian Græsdal

Gjelda er på svimlande 890 millionar kroner og Stranda er dermed den kommunen i landet som er dårlegast økonomisk stilt. Kommunen investerte blant anna 125 millionar i utbygging av skianlegget på Strandafjellet og det var med på å velte økonomien. I etterkant skulda politikarane på kvarandre. I desember selte kommunen anlegget. Onsdag denne veka vedtok politikarane ein gjeldsplan for dei neste 10 åra.

Spelar ikkje på lag

Ann Kristin Langeland har ingen vanskar med å innrømme at det har vore ei vanskeleg tid som rådmann. I enkelte saker har ho følt at administrasjonen og politikarane ikkje spelar på lag.

– Vi må jobbe saman. Det kan ikkje vere slik at det er politikarar mot administrasjonen, for då har vi tapt, seier Langeland.

Usakleg kritikk

Ho opplever også at dei kommunetilsette får mykje pepper.

– Vi leiarar skal tole sakleg og til dels usakleg kritikk, men det går ei grense, seier Langeland. Ho ynskjer at folk skal snakke til kvarandre på ein ordentleg måte og vise respekt.

Tøffare klima

Jan Ove Tryggestad

Ordførar Jan Ove Tryggestad kjenner seg att i det rådmannen seier.

Foto: Frode Berg / NRK

Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) har sjølv erfart det rådmannnen påpeikar. Han trur at arbeidsmiljøet blant dei kommunetilsette er svært bra, men at problemet ligg mellom politikarane og administrasjonen.

– Ordskifta i kommunestyret og i media har til tider vore prega av lite respekt og verdigheit, seier Tryggestad.

Han meiner at klimaet i politikken i Stranda har vorte tøffare dei siste åra. Frontane har spissa seg og Tryggestad meiner at den dårlege økonomien forsterkar det.

– Kvar einskild politikar må gå i seg sjølv og ta eit lite oppgjer med sine eigne måtar å uttrykke seg på, seier ordføraren.

For mykje negativt

Frank Sve

Frank Sve meiner at folk må få augene opp for alt det positive i Stranda.

Foto: Frode Berg / NRK

Frp-politikar Frank Sve er samd med rådmannen om at ein har vore for oppteken av å finne syndebukkar, og føler at han er ein av dei som har fått merke det best.

– Eg trur vi må vere flinkare til å sjå kor bra vi har det i Stranda, i staden for å tale negativt om det meste. Vi har eit fantastisk samfunn med eit bra tenestenivå og dyktige folk både i kommune og næringsliv, seier Sve.

Han meiner også at media er med på å bidra til det negative synet på kommunen.

– Media kastar mykje bensin på bålet for å skape mest mogleg støy i Stranda. Eg trur vi må få positiviteten tilbake, seier Sve.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL